Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 28. Godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og tekniske program

Våpenlova·Kapittel 7. Næringsverksemd, tilverking, merking, deaktivering samt godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og skytebaner

Godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og tekniske program

Skyttar- eller våpensamlarorganisasjonar må vere godkjente av politiet for at dokumentert medlemsskap skal kunne gje grunnlag for løyve til erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter § 12. Politiet kan godkjenne skyttar- og våpensamlarorganisasjonar når dei: 1) har eit føremål som har sakleg samanheng med skyteaktiviteten, 2) organiserer faste skyte- eller samlaraktivitetar, og 3) har ein fast organisasjonsstruktur, medrekna eit sentralt medlemsregister. Politiet kan etter søknad frå godkjente skyttarorganisasjonar godkjenne skyttarforbunda sine tekniske program i samsvar med krava som er fastsette i medhald av denne lova.

Organisasjonar for skyttarar og våpensamlarar må vere godkjende av politiet for at medlemskap skal kunne gi grunnlag for løyve til kjøp av våpen, våpendelar og ammunisjon. Politiet kan også godkjenne tekniske program for skyttarforbund.AI

Se ogsåVåpenlova § 12referert av 4

Sammenheng

Se også1
Referert av4

Koblinger for § 28 i våpenlova.

Les hele loven i sammenheng →