Lov
Nynorsk
§ 1. Kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg
Kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg
Nye vass- og avløpsanlegg skal vere eigd av kommunar. Eksisterande vass- og avløpsanlegg kan berre seljast eller på annan måte overdragast til kommunar. Vesentleg utviding eller samanslåing av eksisterande private anlegg kan berre skje med løyve frå kommunen etter § 2.
Fyrste ledd gjeld ikkje for overvassanlegg.
I lova her er det med vass- og avløpsanlegg meint hovudleidningar for vatn og avløp, pumpestasjonar, høgdebasseng, anlegg for handtering og reinsing av vatn og avløp m.m.
Lova her gjeld ikkje for mindre vass- og avløpsanlegg.
Lova gjeld heller ikkje for vass- og avløpsanlegg eigd av anna offentleg organ eller for næringsverksemd o.l. som ikkje er knytt til kommunale anlegg.
Nye vann- og avløpsanlegg skal eies av kommunen, og eksisterende anlegg kan bare selges til kommunen. Utvidelse av private anlegg krever kommunal tillatelse. Reglene gjelder ikke for overvannsanlegg, mindre anlegg eller visse offentlige og næringsmessige anlegg.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 8 mars 2019 nr. 5 (ikr. 8 mars 2019 iflg. res. 8 mars 2019 nr. 195).
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 1 i vass--og-avløpsanleggslova.