Kommunalt løyve til privat vass- og avløpsanlegg
Kommunen kan etter søknad gi løyve til samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande privat vass- og avløpsanlegg eller til etablering av nytt anlegg dersom
-) det private anlegget ligg så langt frå kommunalt vass- og avløpsanlegg at kommunen ikkje kan krevje at busetnaden som det private anlegget tener eller skal tene skal knytast til det kommunale anlegget med heimel i plan- og bygningslova § 27-1 og § 27-2, eller
-) kostnadene ved å knyte seg til det kommunale anlegget vil vere uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.
Nye anlegg etter første ledd skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for løyvet.
Ved samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande anlegg avgjer kommunen om det skal stillast særlege vilkår for løyvet. Når særlege omsyn talar for det, kan kommunen krevje at anlegget skal organiserast som andelslag eigd av brukarane.
Kommunen kan gi løyve til nye, utvida eller samanslåtte private vass- og avløpsanlegg. Dette gjeld dersom det er for langt til det kommunale nettet, eller om kostnadene ved tilkobling er uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.AI
Se ogsåPlan- og bygningsloven § 27-1Plan- og bygningsloven § 27-2referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 2 i vass--og-avløpsanleggslova.