Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3. Kommunale vass- og avløpsgebyr

Kommunale vass- og avløpsgebyr

Når ein fast eigedom har tilknyting til kommunal vass- eller avløpsleidning, anten beinveges eller gjennom privat samleidning, har eigaren skyldnad til å svare vass- og avløpsgebyr til kommunen. Det same gjeld når kommunen med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1 eller 27-2 har kravd at eigedomen skal ha slik tilknyting. Gebyr kan krevjast jamvel av eigedom som det ikkje er hus på, når kommunen kunne kravd tilknyting til slike leidningar om det hadde vore hus på eigedomen. Er det ikkje bygd på eigedomen av di det, i lov eller i vedtak av offentleg styresmakt, er sett forbod mot bygging, kan det ikkje krevjast gebyr så lenge forbodet gjeld. Det same gjeld når byggjehindringa er annan serleg grunn som eigaren ikkje har ansvaret for. Gebyr kan òg krevjast for eigedom som slepp ut avløpsvatn i vassdrag når kommunen legg vassdraget i lukka leidning. Når ikkje anna er avtala, skal gebyr for bortfest grunn svarast av festaren og ikkje av eigaren, i fall festaren har arvefeste eller festerett for så lang tid at det er att minst 30 år av festetida rekna frå den tid gebyrskyldnaden kom opp. Det same gjeld når avtala gjev festaren rett til å krevja festetida lengd så mykje at det vert att ei festetid på minst 30 år som nemnt, om festaren gjer bruk av retten sin. Kommunen kan ta bort alt eller noko av gebyret for eigedom som det ikkje er hus på.

Eiere av eiendommer med tilknytning til kommunalt vann og avløp må betale gebyr. Dette gjelder også for tomter uten hus, med mindre det er lovbestemt byggeforbud eller andre spesielle årsaker. Kommunen kan velge å redusere eller slette gebyret for tomter uten hus.AI

Se ogsåPlan- og bygningsloven § 27-1Plan- og bygningsloven § 27-2

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 3 i vass--og-avløpsanleggslova.

Les hele loven i sammenheng →