Lov
Nynorsk
§ 10. Kortvarig stans i levering av kommunale vass- og avløpstenester
Kortvarig stans i levering av kommunale vass- og avløpstenester
Dersom nødvendig vedlikehald av kommunale vass- eller avløpsanlegg medfører ein kortvarig stans i leveringa av drikkevatn eller mottaket av avløpsvatn, gjeld ikkje pliktene etter § 7 første ledd og § 8 første ledd.
Kommunen skal i slike tilfelle avgrense ulempene for eigedomane som blir påverka av stansen, så langt det lar seg gjere.
Ved planlagt vedlikehald av eit vass- eller avløpsanlegg skal kommunen i god tid varsle eigarane av dei eigedomane som blir påverka. Ved akutte hendingar skal kommunen varsle så raskt som mogeleg.
Kommunen kan stanse levering av vatn eller mottak av avløp ved vedlikehald. Kommunen skal avgrense ulempene og varsle eigarane i god tid ved planlagt arbeid, eller så raskt som mogeleg ved akutte hendingar.AI
Se ogsåVass- og avløpsanleggslova § 7Vass- og avløpsanleggslova § 8
Sammenheng
Koblinger for § 10 i vass--og-avløpsanleggslova-2025.