Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11 c. Opplysingsplikt

Veglova·Kapittel IIA. Tilsyn med riksveg.·Sist endret 1. januar 2017

Opplysingsplikt

Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg skal innanfor fastsett frist gi dei opplysingane og dokumenta som Vegtilsynet krev. Det same gjeld entreprenørar, konsulentar og andre som utfører oppgåver eller som elles samhandlar med Statens vegvesen eller det statlege utbyggingsselskapet for veg. Vegtilsynet kan bestemme i kva for form opplysingane skal bli gitt. Opplysingsplikten gjeld berre dei opplysningane som Vegtilsynet finn naudsynte for å kunne utføre oppgåvene sine etter lova.
Noter (1)
  • EndringTilføyd med lov 16 des 2016 nr. 99 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1586).

Les hele loven i sammenheng →