Vilkår for bruk av produktnemninga
1. Produktbeskriving
Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger er eple dyrka i Hardanger.
Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, dekkfarge, refraktometerverdi og trykkfastleik i tabell 1.
Hardangereple skalvera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangereple skal ha stilk.
Eplesort Diameter (mm) Dekkfarge (%) Refraktometerverdi (%) Trykkfastleik (kg/cm2)
Aroma 62 10–30 10,8 5
Discovery 62 30 10,8 5
Elstar 62 20 10,8 5
Karin Schneider 62 50 10,8 5
Kronprins 62 30 10,5–10,8 5
Raud Aroma 62 30 10,8 5
Raud Gravenstein 62 30 10,8 5
Raud Prins 62 50 10,5–10,8 5
Summerred 62 50 10,5 5
Sunrise 62 40 10,8 5
Vista Bella 62 20–30 10,5–10,8 5
Andre sortar 62 20–30 10,8 5
Gule sortar 62 0 10,8 5
2. Geografisk område
Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger er her definert som områda rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.
3. Produksjonsmetode
Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Epletrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea.
Epletrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem.
Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig.
Prognose for første haustedato skal fastsetjast av uavhengige fagfolk i samarbeid med fruktlageret på bakgrunn av analysar av refraktometerverdi og trykkfastleik i 10 eple frå ca. 60 felt i heile Hardanger. Slik haustetidspunktprøve skal gjerast omlag 1–2 veker før normal haustetid.
Epla skal handterast så varsamt som mogleg under hausting, transport og lagring. Ved mottak på lager skal kvaliteten på epla kontrollerast ved bruk av anerkjende målemetodar. Epla skal kjølast langsamt til rett temperatur og lagrast ved rett luftråme.
Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Epla skal ha jamn modningsgrad, og fortsatt ha god haldbarheit ved transport frå fruktlageret.
4. Merking av produktet
Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1285.