Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktbeskriving Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger er plommer (Prunus) dyrka i Hardanger. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte plommesorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstilla minimumskrava til storleik og refraktometerverdi i tabell 1. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal vera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer skal i størst mogleg grad ha stilk. Plommesort Diameter (mm) Refraktometerverdi (%) Edda > 36 14 Exalibur > 42 13 Jubileum > 42 14 Mallard > 38 14 Opa > 36 14 Reeves > 42 14 Victoria > 38 14 Andre sortar > 38 14 2. Geografisk område Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden. 3. Produksjonsmetode Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Plommetrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea. Plommetrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal handtynnast, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov, og kalkast og gjødslast planmessig. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Plommene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur. 4. Merking av produktet Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1283.

Les hele forskriften i sammenheng →