Forskrift
§ 1-4. Måling av skytevåpenet sin totallengde og pipelengde
Måling av skytevåpenet sin totallengde og pipelengde
Skytevåpenet sin totallengde målast i skytevåpenet si lengderetning frå munningen på pipa til enden av kolben. Har skytevåpenet ein kolbe som enkelt kan skuvast eller fellast inn, skal totallengda målast når kolben er innfelt eller skuva inn.
Skytevåpenet si pipelengde målast frå munningen på pipa til støtbotnen i fremre posisjon. For revolver målast pipelengda frå munningen på pipa til fremre kant av tønna.
Ved måling av totallengde eller pipelengde skal lyddempar, rekyldempar eller annan del, som er skrua til løpet, vere fjerna. Kravet til fjerning av lyddempar gjeld ikkje for heildempa skytevåpen.
Reglene forklarer hvordan man måler lengden på et skytevåpen og løpet. Ved måling skal utstyr som lyddempere fjernes, med mindre våpenet er helt dempet.AI