Hopp til innhold
Forskrift

§ 10-15. Mellombels innførsel med europeisk våpenpass

Våpenforskrifta·Kapittel 10. Inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Mellombels innførsel med europeisk våpenpass

Utanlandsk borgar med gyldig europeisk våpenpass kan for eit tidsrom på inntil tre månader mellombels innføre skytevåpen som er oppført i våpenpasset for deltaking i jakt, sportsskyting eller samlaraktivitetar. Saman med skytevåpenet kan det også innførast ammunisjon i rimelege mengder som passar i skytevåpenet som skal innførast. Det kan berre innførast skytevåpen og ammunisjon som lovleg kan brukast til det føremål som grunngjev innførselen. Den som mellombels skal innføre skytevåpen i medhald av første ledd må ha med dokumentasjon for at skytevåpenet skal brukast til jakt, sportsskyting eller samlaraktivitet. Slik dokumentasjon kan til dømes vere deltakarliste, innbyding til jakt eller invitasjon frå godkjent våpensamlar.

Utlandske borgere med europeisk våpenpass kan ta med skytevåpen og passende ammunisjon til Norge i opptil tre måneder. Dette gjelder for jakt, sportsskyting eller samleraktiviteter, og krever dokumentasjon på formålet.AI

Les hele forskriften i sammenheng →