Innstilling frå næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet
1. Samandrag
I proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2015.
1.1 Endringsforslag
Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 50,02 mill. kroner til 53,02 mill. kroner.
Noreg har forplikta seg til å innføre eit nasjonalt register for offentleg støtte innan 1. juli 2016. Registeret skal være brukarvennleg, og Brønnøysundregistra vil derfor bli gitt oppdraget med å etablere registeret. Berekna totalkostnad er om lag 10 mill. kroner, medan årleg driftskostnad er berekna å bli om lag 2 mill. kroner. For å kunne starte arbeidet med å etablere det nye registeret blir det fremje forslag om å auke bestillingsfullmakta under kap. 900 post 21 med 8,4 mill. kroner, frå 7,5 til 15,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.
Det blir foreslått å utarbeide ein eigen nærings- og innovasjonsstrategi for Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet vil leie arbeidet med ein slik strategi.
Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast
Grunna utfordringar med å finne eit godkjent deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget med opprydding blitt utsett.
Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga frå 19,2 mill. kroner til 0 kroner.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 39,4 til 41,4 mill. kroner.
Post 71 Miljøtiltak Raufoss
Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 7,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,6 mill. kroner, frå 1,2 til 7,8 mill. kroner.
Post 75 Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast
Nærings- og fiskeridepartementet har omdisponert 1 mill. kroner frå fiskeriministerens til næringsministerens ansvarsområde.
Post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab
Gjennom Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2015 blei det løyvd 20 mill. kroner i støtte til Mechatronics Innovation Lab (MIL) over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. Løyvinga er i utgangspunktet ikkje overførbar. Dette bør gjerast for å sikre at prosjektet har nok tid til å oppfylle dei krava til progresjon og dokumentasjon som er stilt for utbetaling av det statlege tilskotet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Kap. 903 Norsk akkreditering
Post 1 Driftsutgifter
Norsk akkreditering sine utgifter vil bli høgare enn budsjettert m.a. på grunn av ein auke i søknader frå verksemder. Endringa i utgifter knytt til akkreditering av verksemder vil dekkast inn av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 3903 post 1.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 42,26 til 45,26 mill. kroner.
Kap. 904 Brønnøysundregistra
Post 1 Driftsutgifter
I samband med innføringa av nøytral meirverdiavgift i staten er det trekt ut 23,9 mill. kroner frå kap. 904 post 1. Nye berekningar viser at det er trekt ut 3,5 mill. kroner for mykje.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på vegne av offentlege verksemder inngått ein avtale om leveranse av sikker eID. Basert på Difi sine berekningar av transaksjonsvolum må det overførast 1,523 mill. kroner til Brønnøysundregistra, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 540 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med totalt 5,023 mill. kroner, frå 294,29 til 299,31 mill. kroner.
Post 22 Forvaltning av Altinn-løysinga, kan overførast
I samband med innføringa av nøytral meirverdiavgift i staten er det trekt ut 34,1 mill. kroner frå kap. 904 post 22. Nye berekningar viser at dette uttrekket er for høgt.
På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner frå 205,27 mill. kroner til 210,27 mill. kroner.
Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk
Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving
Overslagsløyvinga for 2015 (1 802 mill. kroner) tok utgangspunkt i gjennomsnittleg 11 900 sjøfolk i ordninga totalt. Utviklinga i offshoremarknaden har ført til at talet på sjøfolk omfatta av tilskotsordninga blir lågare enn venta etter at fire av seks av budsjettårets terminar er handsama og utbetalt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 52 mill. kroner frå 1 802 til 1 750 mill. kroner.
Kap. 911 Konkurransetilsynet
Post 1 Driftsutgifter
Konkurransetilsynet får i 2015 inntekter frå m.a. refusjonar for kurs og konferansar. Det visast til nærare omtale av saka under kap. 3911 post 3 (ny).
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 200 000 kroner, frå 92,1 til 92,3 mill. kroner.
Post 23 Klagenemnda for offentlege innkjøp
Klagenemnda for offentlege innkjøp får i 2015 inntekter frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar og dekking av sakskostnader. Det visast til nærare omtale av saka under kap. 3911 post 4 (ny).
På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 350 000 kroner, frå 9,99 til 10,34 mill. kroner.
Kap. 915 Regelråd for næringslivet
Post 1 Driftsutgifter
Etableringa av regelrådet vil først finne stad mot slutten av året.
Som følgje av utsetjinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 7 til 2 mill. kroner.
Kap. 917 Fiskeridirektoratet
Post 1 Driftsutgifter
For å styrke arbeidet med omstillinga i Fiskeridirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 360,869 til 364,369 mill. kroner.
Kap. 919 Ymse fiskeriformål
Post 60 Tilskot til kommunar
I juni 2015 fekk alle etablerte lakse- og aureoppdrettarar tilbod om 5 pst. auka kapasitet på eksisterande oppdrettsløyve. I saldert budsjett 2015 er det lagt til grunn at samla innbetalt vederlag i 2015 blir 360 mill. kroner, noko som gir utbetaling til kommunane på 180 mill. kroner. Det bereknast no at 25 pst. av vederlaga blir innbetalt i 2015 og resten i 2016, jf. omtale under kap. 3917 post 13. Forskyving av innbetaling av vederlag fører til at utbetaling til kommunane må forskyvast tilsvarande.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 90 mill. kroner, frå 555 til 465 mill. kroner.
Post 72 Tilskot til tryggleiksopplæring for fiskarar
Ut frå utbetalingar så langt i 2015 ventast det eit vesentleg mindreforbruk på posten.
På dette grunnlaget gjer Næring- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,2 mill. kroner, frå 7,2 til 3 mill. kroner.
Post 74 Erstatningar, kan overførast
Det er venta at utbetalingane i 2015 blir vesentleg høgare enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,4 mill. kroner, frå 2,1 til 8,5 mill. kroner.
Kap. 922 Romverksemd
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015, blei det gitt ei tilleggsløyving på 9,7 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for lågt, og gjeldande løyving må såleis aukast med ytterlegare 6,9 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,9 mill. kroner, frå 195,7 til 202,6 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015, blei det gitt ei tilleggsløyving på 20,2 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist seg at anslaga var for høge, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 5,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner, frå 369,8 til 364,3 mill. kroner.
Post 73 EU sine romprogram
Noreg har hatt innbetalingar til EU til annan valutakurs enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015. Endringane utgjer ei auke på 33 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga frå EU, som utgjer ei auke på 63,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 96,5 mill. kroner, frå 224,4 til 320,9 mill. kroner.
Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
Post 70 Tilskot
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma og til ein norsk nasjonal ekspert i EU-kommisjonens generaldirektorat for konkurranse.
Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore høgare enn forventa, m.a. som følge av høgare eurokurs enn føresett og høgare kontingentinnbetalingar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 23,65 mill. kroner, frå 47,45 til 71,1 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I saldert budsjett 2015 blei det løyvd 23,774 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Dei samla utgiftene for 2015 er anslått til om lag 36 mill. kroner. Kjøp av tenester frå eksterne rådgjevarar i samband med eigarmessige vurderingar av statleg eigde selskap og vurderinga av situasjonen og utviklinga i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS står for hovuddelen av utgiftene.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 12,2 mill. kroner, frå 23,774 til 35,974 mill. kroner.
Post 96 (ny) Aksjar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
Ved handsaminga av Innst. 343 S og Prop. 118 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet (Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – eiendommer og gruvedrift), samtykka Stortinget i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2015 kunne utgiftsføre kjøp av aksjar utan løyving slik at statens eigardel i selskapet auka til 100 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 385 000 kroner.
Kap. 2421 Innovasjon Noreg
Post 72 Forskings- og utviklingskontraktar, kan overførast
Vanlegvis tar det to til tre år frå eit prosjekt under ordninga med forskings- og utviklingskontraktar får tilsegn om støtte til det er fullført. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn blei til saman 423,9 mill. kroner av løyvingane for 2013 og 2014 overført til 2015. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved slutten av 2015 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som tilsegnsfullmakta for ordninga blir auka med same beløp.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 mill. kroner, frå 336,1 til 136,1 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, frå 100 til 300 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III. Departementet tar sikte på å kome attende i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 og gjere framlegg om ei permanent løysing for å redusere likviditetsreserven for ordninga.
Post 76 Miljøteknologi, kan overførast
Vanlegvis tar det fleire år frå eit prosjekt under miljøteknologiordninga får tilsegn om støtte til det er fullført. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midlane ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn blei 433,7 mill. kroner, dvs. summen av løyvingane for 2013 og 2014, overført til 2015. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved utgongen av 2015 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som ein innfører ei tilsegnsfullmakt for ordninga med same beløp.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 350 til 50 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å innføre ein tilsegnsfullmakt med same beløp som løyvinga blir redusert med, dvs. 300 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III. Departementet tar sikte på å kome attende i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016 og gjere framlegg om ei permanent løysing for å redusere likviditetsreserven for ordninga.
Post 80 (ny) Næringstiltak på Svalbard, kan overførast
Lokalsamfunnet på Svalbard står overfor omstillingsutfordringar. Innovasjon Noreg har erfaring frå liknande omstillingsprosessar, og det blir foreslått ei løyving på 20 mill. kroner for at Innovasjon Noreg skal styrkje arbeidet sitt på Svalbard. Midlane kan nyttast både til auka nærvær og mobilisering for å få fram gode prosjekt og til å støtte innovative prosjekt på Svalbard. Innovasjon Noreg skal koordinere og nytte kompetansen til det andre verkemiddelapparatet i arbeidet. Det bir foreslått at midlene skal nyttast utover 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg ei løyving på 20 mill. kroner til post 80 (ny).
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2015. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mrd. kroner, frå 41,1 til 44,6 mrd. kroner.
Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS
Post 70 Tilskot
Ein ny gjennomgang av økonomien i Eksportkreditt Noreg AS viser at det er rom for å redusere tilskotet med 6,895 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6,895 mill. kroner, frå 106,895 til 100 mill. kroner.
Kap. 3903 Norsk akkreditering
Post 1 Gebyrinntekter og andre inntekter
Grunna høgare inntekter gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 33,667 til 36,667 mill. kroner.
Kap. 3904 Brønnøysundregistra
Post 1 Gebyrinntekter
Grunna auka omfang av gebyrpliktige registreringar gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 35 mill. kroner, frå 540 til 575 mill. kroner.
Kap. 3911 Konkurransetilsynet
Post 1 Klagegebyr
Grunna at prognosane for 2015 tilseier høgare inntekter, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere inntektskravet med 998 000 kroner, frå 1,998 til 1 mill. kroner.
Post 2 Lovbrotsgebyr
For 2015 er det berekna at Konkurransetilsynet vil få inn 6,99 mill. kroner i lovbrotsgebyr.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,89 mill. kroner, frå 100 000 kroner til 6,99 mill. kroner.
Post 3 (ny) Refusjonar og andre inntekter, Konkurransetilsynet
Grunna inntekter frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 3 på 200 000 kroner.
Post 4 (ny) Refusjonar og andre inntekter, Klagenemnda for offentlege innkjøp
Grunna inntekter frå m.a. eksterne refusjonar for kurs og konferansar og dekking av sakskostnader gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 4 på 350 000 kroner.
Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
Post 5 Sakshandsamingsgebyr
Det er ikkje sannsynleg at inntektskravet vil bli nådd i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 17,683 til 14,683 mill. kroner.
Post 6 Forvaltingssanksjonar
Det vil bli større inntekter på posten enn det som blei anslått då løyvinga opphaveleg blei fastsett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 1 til 3 mill. kroner.
Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar
Det visast til omtale under kap. 919 post 60 om endring av anslaget om kor mykje vederlag som blir innbetalt i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 180 mill. kroner, frå 660 til 480 mill. kroner.
Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 96 Sal av aksjar
I saldert budsjett 2015 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal.
Tilbakekjøpsavtalar
Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt.
Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2014 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.
Yara International ASA
Fram til desember 2014 kjøpte selskapet 730 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 414 406 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2015. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 127,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 102,4 mill. kroner, frå 25 til 127,4 mill. kroner.
Kap. 5325 Innovasjon Noreg
Post 53 Tilbakeføring av tapsfondsmidlar garantiordning fiskesalslag
Stortinget vedtok i 2009 ei mellombels garantiordning for førstehandsomsetning av fisk som blei handsama av Innovasjon Noreg. Ordninga er no avslutta, og resterande tapsfondsavsetjing på om lag 86 mill. kroner er tilbakeført. I saldert budsjett 2015 er det vedteke ei løyving på 70 mill. kroner på denne posten.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 16 mill. kroner, frå 70 til 86 mill. kroner.
Post 54 (ny) Tilbakeføring av tapsfond for likviditetslån til fiskeindustrien
Stortinget vedtok i 2009 ei mellombels likviditetslåneordning for fiskeindustrien som blei handsama av Innovasjon Noreg. Det blei utbetalt seks lån på til saman 28,7 mill. kroner og avsett 8,833 mill. kroner i tapsfond for låna som vart plassert på fondskonto i Noregs Bank. Alle låna er no betalt attende utan konstaterte tap.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 8,833 mill. kroner til tilbakeføring av tapsfondsmidla.
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i saldert budsjett 2015, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,3 mrd. kroner, frå 40,9 til 45,2 mrd. kroner.
Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS
Post 70 Gebyr m.m.
Som følgje av lågare gebyrgenererande aktivitet enn forventa, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, frå 60 til 45 mill. kroner.
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Som følgje av nye anslag på innbetalingar på avdrag, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mrd. kroner, frå 11,9 til 9,2 mrd. kroner.
Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet
Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 30,665 til 27,665 mill. kroner.
Post 73 Årsavgift Merkeregisteret
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 9,55 til 8,55 mill. kroner.
Post 74 Fiskeriforskingsavgift
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 29 mill. kroner, frå 151 til 180 mill. kroner.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 38 mill. kroner, frå 190 til 152 mill. kroner.
Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga
Post 80 Renter
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 125 mill. kroner, frå 1 640 til 1 515 mill. kroner.
Kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting
Post 85 Utbyte
I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 17 478,5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2015, er innbetalt utbyte frå selskapa 17,1 mill. kroner høgare. Dette skuldast at det blei lagt til grunn eit utbyte frå Mesta AS og Flytoget AS på høvesvis 130 og 113,4 mill. kroner. Faktisk utdelt utbyte frå selskapa utgjorde 150 og 128,7 mill. kroner. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Aker Kværner Holding AS 18,2 mill. kroner lågare enn opphaveleg lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 17,1 mill. kroner, frå 17 478,5 til 17 495,6 mill. kroner.
1.2 Orienteringssak
Kulturdepartementet legg fram forslag for Stortinget om tilsegn om statleg tilskot til gjennomføring av prosjektet Noreg som hovudland på bokmessa i Frankfurt i 2019. Den statlege støtta er avgrensa til 25 mill. kroner for 2018 og 2019 og skal finansierast innanfor ordinær budsjettramme, med like delar på 8,3 mill. kroner frå Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet. For Nærings- og fiskeridepartementet betyr dette tilsegn om løyving på inntil 8,3 mill. kroner innanfor ordinær budsjettramme i 2018 og 2019.
2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser til Prop. 35 S (2015–2016).
Komiteen syner til omtale og framlegg i proposisjonen og sluttar seg til desse.
3. Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
900
Nærings- og fiskeridepartementet
21
Særskilde driftsutgifter, kan overførast, blir auka med
3 000 000
frå kr 50 021 000 til kr 53 021 000
30
Miljøtiltak Søve, kan overførast, blir redusert med
19 200 000
frå kr 19 200 000 til kr 0
70
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med
2 000 000
frå kr 39 400 000 til kr 41 400 000
71
Miljøtiltak Raufoss, blir auka med
6 600 000
frå kr 1 200 000 til kr 7 800 000
903
Norsk akkreditering
1
Driftsutgifter, blir auka med
3 000 000
frå kr 42 260 000 til 45 260 000
904
Brønnøysundregistra
1
Driftsutgifter, blir auka med
5 023 000
frå kr 294 291 000 til kr 299 314 000
22
Forvaltning av Altinn-løysinga, kan overførast, blir auka med
5 000 000
frå kr 205 270 000 til kr 210 270 000
909
Tiltak for sysselsetting av sjøfolk
73
Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med
52 000 000
frå kr 1 802 000 000 til 1 750 000 000
911
Konkurransetilsynet
1
Driftsutgifter, blir auka med
200 000
frå kr 92 113 000 til kr 92 313 000
23
Klagenemnda for offentlege innkjøp, blir auka med
350 000
frå kr 9 990 000 til kr 10 340 000
915
Regelråd for næringslivet
1
Driftsutgifter, blir redusert med
5 000 000
frå kr 7 000 000 til kr 2 000 000
917
Fiskeridirektoratet
1
Driftsutgifter, blir auka med
3 500 000
frå kr 360 869 000 til kr 364 369 000
919
Ymse fiskeriformål
60
Tilskot til kommunar, blir redusert med
90 000 000
frå kr 555 000 000 til kr 465 000 000
72
Tilskot til tryggeleiksopplæring for fiskarar, blir redusert med
4 200 000
frå kr 7 200 000 til kr 3 000 000
74
Erstatningar, kan overførast, blir auka med
6 400 000
frå kr 2 100 000 til kr 8 500 000
922
Romverksemd
70
Kontingent i European Space Agency (ESA), blir auka med
6 900 000
frå kr 195 700 000 til kr 202 600 000
71
Internasjonal romverksemd, blir redusert med
5 500 000
frå kr 369 800 000 til kr 364 300 000
73
EU sine romprogram, blir auka med
96 500 000
frå kr 224 400 000 til kr 320 900 000
924
Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
70
Tilskot, blir auka med
23 650 000
frå kr 47 450 000 til kr 71 100 000
950
Forvalting av statleg eigarskap
21
Særskilde driftsutgifter, blir auka med
12 200 000
frå kr 23 774 000 til kr 35 974 000
96
(Ny) Aksjar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, blir løyvd med
385 000
2421
Innovasjon Noreg
72
Forskings- og utviklingskontraktar, kan overførast, blir redusert med
200 000 000
frå kr 331 100 000 til kr 131 100 000
76
Miljøteknologi, kan overførast, blir redusert med
300 000 000
frå kr 350 000 000 til kr 50 000 000
80
(Ny) Næringstiltak på Svalbard, kan overførast, blir løyvd med
20 000 000
90
Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med
3 500 000 000
frå kr 41 100 000 000 til kr 44 600 000 000
2429
Eksportkreditt Noreg AS
70
Tilskot, blir redusert med
6 895 000
frå kr 106 895 000 til kr 100 000 000
Inntekter
3903
Norsk akkreditering
1
Gebyrinntekter og andre inntekter, blir auka med
3 000 000
frå kr 33 667 000 til kr 36 667 000
3904
Brønnøysundregistra
1
Gebyrinntekter, blir auka med
35 000 000
frå kr 540 000 000 til kr 575 000 000
3911
Konkurransetilsynet
1
Klagegebyr, blir redusert med
998 000
frå kr 1 998 000 til kr 1 000 000
2
Lovbrotsgebyr, blir auka med
6 890 000
frå kr 100 000 til kr 6 990 000
3
(Ny) Refusjonar og andre inntekter, Konkurransetilsynet, blir løyvd med
200 000
4
(Ny) Refusjonar og andre inntekter, Klagenemnda for offentlege innkjøp, blir løyvd med
350 000
3917
Fiskeridirektoratet
5
Sakshandsamingsgebyr, blir redusert med
3 000 000
frå kr 17 683 000 til kr 14 683 000
6
Forvaltingssanksjonar, blir auka med
2 000 000
frå kr 1 000 000 til kr 3 000 000
13
Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar, blir redusert med
180 000 000
frå kr 660 000 000 til kr 480 000 000
3950
Forvalting av statleg eigarskap
96
Sal av aksjar, blir auka med
102 400 000
frå kr 25 000 000 til kr 127 400 000
5325
Innovasjon Noreg
53
Tilbakeføring av tapsfondmidlar garantiordning fiskesalslag, blir auka med
16 000 000
frå kr 70 000 000 til kr 86 000 000
54
(Ny) Tilbakeføring av tapsfond for likviditetslån til fiskeindustrien, blir løyvd med
8 833 000
90
Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med
4 300 000 000
frå 40 900 000 000 til kr 45 200 000 000
5329
Eksportkreditt Noreg AS
70
Gebyr m.m., blir redusert med
15 000 000
frå kr 60 000 000 til kr 45 000 000
90
Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med
2 700 000 000
frå kr 11 900 000 000 til kr 9 200 000 000
5574
Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet
72
Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur, blir redusert med
3 000 000
frå kr 30 655 000 til kr 27 655 000
73
Årsavgift Merkeregisteret, blir redusert med
1 000 000
frå kr 9 550 000 til kr 8 550 000
74
Fiskeriforskingsavgift, blir auka med
29 000 000
frå kr 151 000 000 til kr 180 000 000
5625
Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg
80
Renter på lån frå statskassa, blir redusert med
38 000 000
frå kr 190 000 000 til kr 152 000 000
5629
Renter frå eksportkredittordninga
80
Renter, blir redusert med
125 000 000
frå kr 1 640 000 000 til kr 1 515 000 000
5656
Aksjar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting
85
Utbyte, blir auka med
17 100 000
frå kr 17 478 500 000 til kr 17 495 600 000
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at løyvinga i statsbudsjettet for 2015 under kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab, tilførast stikkordet «kan overførast».
III
Tilsegnsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2015 kan gi tilsegn om tilskot utover gitt løyving, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gamalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap.
Post
Formål
Samla ramme
2421
Innovasjon Noreg
72
Forskings- og utviklingskontraktar
300 000 000
76
Miljøteknologi
300 000 000
IV
Bestillingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2015 kan:
1. inngå forpliktingar for inntil 15,9 mill. kroner til utredningar og liknande ut over løyvinga under kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 21 Særskilde driftsutgifter.
Bygger på
4Ikke i vårt datasett
- Prop. 118 S (2014-2015)
- Prop. 119 S (2014-2015)
- Prop. 23 S (2015-2016)
- Prop. 35 S (2015-2016)