Innstilling til Stortinget frå familie- og kulturkomiteen
Ingress
Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Barne- og likestillingsdepartementet
Samandrag
Innleiing
I proposisjonen legg Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag i statsbudsjettet for 2016 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
Endringsforslag
Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet
Post 1 Driftsutgifter
Ansvaret for integreringssaker blei overført frå Barne- og likestillingsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet 1. april 2016, jf. Prop. 59 S (2015–2016) og Innst. 194 S (2015–2016).
På bakgrunn av endelege berekningar av dei faktiske utgiftene knytt til integreringsområdet ved overføringstidspunktet, føreslår BLD å redusere løyvinga på kap. 800 post 1 med 0,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 400 post 1 under Justis- og beredskapsdepartementet.
Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Saksbehandling og tilskotsutbetaling for incest- og valdtektssenter er no gjennomført. Det er tildelt 1,4 mill. kroner mindre enn lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2016. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 840 post 61 med 1,4 mill. kroner.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av eksterne meklarar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2016. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 21 med 2,5 mill. kroner.
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til kontantstøtte er anslått til 1 570 mill. kroner, som er 10 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem av at talet på barn med kontantstøtte er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2016.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 10 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2016 blir no anslått til 15 040 mill. kroner.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 100 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71
Støtta til forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2014–2017 skal behandlast som kjøp og ikkje som tilskot. For å sikre korrekt postbruk føreslår BLD å auke posten med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 846 post 70.
Det er behov for midlar til å leggje tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn inn i eit nytt, elektronisk saksbehandlingssystem. BLD føreslår å flytte 150 000 kroner til dette arbeidet til kap. 858 post 21.
Samla føreslår BLD å auke løyvinga under kap. 846 post 21 med 650 000 kroner.
Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 846 post 70 med 0,8 mill. kroner. Sjå nærmare omtale under kap. 846 post 21.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 65 Refusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.
Prognosen for totale utbetalingar er redusert i 2016 mellom anna fordi den gjennomsnittlege utbetalinga per barn i ordninga har gått ned og prognosen for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar er redusert samanlikna med revidert nasjonalbudsjett 2016. Reduksjonen i busetjingsprognosen skuldast at talet på asylsøkjarar til Noreg er redusert.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 854 post 65 med 558,6 mill. kroner.
Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21
Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å endre ansvarsdelinga mellom stat og kommune i barnevernet. BLD føreslår å tildele 250 000 kroner av midlane på posten til KS. Midlane skal gå til å førebu kommunane på framtidige endringar i det kommunale barnevernet.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, kjøp av plassar i private omsorgssenter og forvaltningsoppgåver knytte til omsorgssentera.
Prognosen for talet på asylsøkjarar til Noreg er redusert sidan revidert nasjonalbudsjett 2016. Gjeldande løyving er basert på i gjennomsnitt 850 barn i omsorgssentera i 2016. Anslaget er no justert ned. Det er venta at det vil bu i gjennomsnitt 640 barn i omsorgssentera i 2016.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 856 post 1 med 358,8 mill. kroner
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECDs utviklingskomité godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Beløpet som blir rapportert inn som utviklingshjelp, blir redusert som følgje av reduksjonen i løyvinga på kap. 856 post 1.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 3856 post 4 med 345,5 mill. kroner.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 858 post 21 med 150 000 kroner. Sjå nærmare omtale under kap. 846 post 21.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utbetalingane til foreldrepengar er hittil i år noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene til foreldrepengar i 2016 blir no anslått til 18 780 mill. kroner.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 280 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
På grunnlag av utbetalingane hittil i år er utgiftene til eingongsstønad i 2016 no anslått til 450 mill. kroner.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 71 med 10 mill. kroner.
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Arild Grande, Steinar Gullvåg, Hege Haukeland Liadal og Anette Trettebergstuen, frå Høgre, leiaren Svein Harberg, Kårstein Eidem Løvaas og Mette Tønder, frå Framstegspartiet, Ib Thomsen og Torkil Åmland, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til forslaget frå regjeringa og støtter dette. Komiteen har elles ingen merknader.
Tilråding frå komiteen
Komiteen syner til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
800
Barne- og likestillingsdepartementet
1
Driftsutgifter, blir redusert med
886 000
fra kr 144 621 000 til kr 143 735 000
840
Tiltak mot vald og overgrep
61
Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir redusert med ...
1 400 000
fra kr 84 299 000 til kr 82 899 000
841
Samliv og konfliktløysing
21
Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med ...
2 500 000
fra kr 13 566 000 til kr 11 066 000
844
Kontantstøtte
70
Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med
10 000 000
fra kr 1 580 000 000 til kr 1 570 000 000
845
Barnetrygd
70
Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med ...
100 000 000
fra kr 15 140 000 000 til kr 15 040 000 000
846
Familie- og oppveksttiltak
21
Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71, vert auka med ...
650 000
fra kr 12 235 000 til kr 12 885 000
70
Barne- og ungdomsorganisasjonar,blir redusert med . ..
800 000
fra kr 121 319 000 til kr 120 519 000
854
Tiltak i barne- og ungdomsvernet
65
Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir redusert med . ..
558 622 000
fra kr 1 758 622 000 til kr 1 200 000 000
856
Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
1
Driftsutgifter, blir redusert med ..
358 839 000
fra kr 1 599 555 000 til kr 1 240 716 000
858
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
21
Spesielle driftsutgifter, vert auka med ..
150 000
fra kr 14 005 000 til kr 14 155 000
2530
Foreldrepengar
70
Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir redusert med ..
280 000 000
fra kr 19 060 000 000 til kr 18 780 000 000
71
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir redusert med ...
10 000 000
fra kr 460 000 000 til kr 450 000 000
Inntekter
3856
Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
4
Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir redusert med ...
345 500 000
fra kr 1 398 364 000 til kr 1 052 864 000
Bygger på
3Ikke i vårt datasett
- Prop. 24 S (2016-2017)
- Prop. 59 S (2015-2016)