Lovvedtak
Vedtak til lov om endringar i lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)
Lovvedtak 83 (2009–2010)Stortinget
Kunngjort i LovtidendEndringslov til lov om stønad ved kort butid (25. juni 2010) →
Gjelder disse bestemmelsene
I
I lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg skal § 5 første ledd lyde:
Full supplerande stønad skal vere
a) 2,0 gonger grunnbeløpet for einslege stønadstakarar
b) 2,5 gonger grunnbeløpet for personar med ektemake under 67 år
c) 1,85 gonger grunnbeløpet for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år.
II
Lova trer i kraft straks og blir gitt verknad frå 1. mai 2010.
Bygger på
2Ikke i vårt datasett
- Prop. 137 LS (2009-2010)