Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Lov om supplerande stønad ved kort butid

lov/2005-04-29-21·24 paragrafer·Sist endret 7. mai 2026·Utforsk grafen
I kraft 2006-01-01Kunngjort 2005-04-29Sist endret ved lov/2026-05-07-15

Formål

Formålet med lova er å garantere ei minste samla inntekt for personar som har fylt 67 år og uføre flyktningar med låge eller ingen ytingar frå folketrygda på grunn av kort butid i Noreg.

Innhold24 paragrafer

Kapittel 1. Formål – definisjonar

Formålet med lova

Formålet med lova er å garantere ei minste samla inntekt for personar som har fylt 67 år og uføre flyktningar med låge eller ingen ytingar frå folketrygda på grunn av kort butid i Noreg.

Loven skal sikre en minsteinntekt for flyktninger som er uføre, eller som har fylt 67 år, og som har lave eller ingen ytelser fra folketrygden fordi de har bodd kort tid i Norge.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V).

omtalt i 1 kilde

Definisjonar

Med flyktning meiner ein i lova her ein person som har opphaldsløyve etter utlendingslova § 28. Med ufør flyktning meiner ein i lova her ein flyktning som ikkje har fylt 67 år og som fyller vilkåra i folketrygdlova §§ 12-4 til 12-7. Med grunnbeløpet meiner ein i lova her grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4. Med garantipensjonsnivå meiner ein i lova her satsene etter folketrygdlova § 20-9. Med ektemake meiner ein i lova her personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald, personar som bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre, og registrerte partnarar som bur saman i eitt hushald.

Bestemmelsen definerer hvem som regnes som flyktning og ufør flyktning i loven. Den forklarer også hvilke beløp som legges til grunn, og hvem som regnes som ektefelle.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V), 18 des 2020 nr. 138 (ikr. 1 jan 2021).

Se ogsåUtlendingsloven § 28 første leddFolketrygdloven § 12-4Folketrygdloven § 12-7Folketrygdloven § 1-4omtalt i 3 kilder

Kapittel 2. Personkrins – opphald i utlandet

Kven som kan få stønad

Supplerande stønad vert gitt til personar som er busette i Noreg og som anten har fylt 67 år eller er uføre flyktningar. Ein person vert rekna som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og har norsk statsborgarskap, eller med heimel i utlendingslova har fått permanent opphaldsløyve eller mellombels opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Familiemedlemer i oppstigande linje, onkel eller tante til referansepersonen eller garantisten, som har fått opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av familiesameining, har ikkje rett til supplerande stønad. Dette gjeld berre dersom det i det første vedtaket om søkjaren sitt opphaldsløyve vart stilt krav til referansepersonen eller garantisten sitt underhald. Med referansepersonen meiner ein den personen som søkjaren ønsker å bli sameint med att eller å etablere familieliv med. Med garantisten meiner ein den personen som stiller økonomisk garanti (tredjemannsgaranti) og legg fram skriftleg erklæring om at vedkommande tar på seg å garantere for underhald av søkjaren, og som er ein del av referansepersonen sitt hushald. Det er eit vilkår for rett til supplerande stønad at stønadstakaren og ein eventuell ektemake over 67 år fullt ut nyttar retten sin til pensjon frå folketrygda eller andre norske eller utanlandske ordningar.

Supplerende stønad gis til personer bosatt i Norge som er uføre flyktninger eller har fylt 67 år. Det er et krav at man først bruker alle pensjonsrettigheter fra folketrygden eller andre ordninger.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016), 17 juni 2016 nr. 25, 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V).

omtalt i 4 kilder

Opphald i utlandet

Retten til supplerande stønad fell bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn 90 dagar i samanheng eller i meir enn 90 dagar i alt i ein stønadsperiode. Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare i meir enn 90 dagar i samanheng, fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då vedkomande hadde vore i utlandet i 90 dagar eller summen av utanlandsopphalda i ein stønadsperiode utgjer 90 dagar. I tilfelle som går inn under andre leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom stønadstakaren legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.

Retten til supplerende stønad bortfaller hvis man oppholder seg i utlandet i mer enn 90 dager sammenhengende eller totalt i løpet av en stønadperiode. Det finnes et unntak dersom man ikke kan returnere til Norge på grunn av egen sykdom.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006).

referert av 2

Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar

Full supplerande stønad

Full supplerande stønad til personar som har fylt 67 år, skal svare til a) garantipensjonsnivå med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år, og som ikkje er ufør flyktning, b) garantipensjonsnivå med ordinær sats for stønadstakarar med ektemake som har fylt 67 år, eller som er ufør flyktning, og for stønadstakarar som deler bustad med sine vaksne barn eller andre vaksne, utan at forholdet mellom dei vert definert som ekteskapsliknande (bufellesskap). Full supplerande stønad til uføre flyktningar skal svare til a) minste årlege yting for uføretrygd med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år, og som ikkje er ufør flyktning, b) minste årlege yting for uføretrygd med ordinær sats for stønadstakarar med ektemake som har fylt 67 år eller som er ufør flyktning. Det same gjeld for stønadstakarar som deler bustad med sine vaksne barn eller andre vaksne, utan at forholdet mellom dei vert definert som ekteskapsliknande (bufellesskap).

Bestemmelsen fastsetter nivået for full supplerende stønad. Beløpet avhenger av om stønadstakeren er uføre flyktning eller over 67 år, samt om personen er enslig eller bor sammen med ektefelle, voksne barn eller andre voksne.AI

Endret 25. juni 2010 · i kraft 25. juni 2010
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 12 des 2008 nr. 83 (ikr. 1 mai 2008), 19 juni 2009 nr. 40 (ikr. 1 mai 2009), 25 juni 2010 nr. 30 (ikr. 1 mai 2010), 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 mai 2011), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015), 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016), 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V), 18 des 2020 nr. 138 (ikr. 1 jan 2021).

omtalt i 6 kilderreferert av 4

Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad

Full supplerande stønad skal setjast ned med inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom ektemaken har fylt 67 år, skal ektemaken si inntekt likevel berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav b. Dersom ektemaken er ufør flyktning, skal ektemaken si inntekt berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 andre leddet bokstav b. Som inntekt vert rekna a) arbeidsinntekt b) pensjon, uføretrygd og andre ytingar frå folketrygda til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg c) introduksjonsstønad for nykomne innvandrarar, kvalifiseringsstønad, kontantstøtte og bidrag etter ekteskapslova d) andre norske offentlege eller private pensjonar, uføreytingar og andre ytingar til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg e) kapitalinntekter f) tilsvarande inntekter eller ytingar som nemnde i bokstavane a til e frå utlandet. For uføre flyktningar skal arbeidsinntekt ikkje setjast lågare enn forventa inntekt etter uførheit, sjå folketrygdlova § 12-9 tredje leddet.

Supplerende stønad reduseres basert på inntekten til personen som får stønad og deres ektefelle. Det finnes egne regler for hvordan ektefellens inntekt regnes dersom vedkommende er over 67 år eller er uføre flyktning.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 20 juni 2014 nr. 24 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 799) som endra med lov 19 des 2014 nr. 74, 17 juni 2016 nr. 25, 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V) som endra med lov 18 des 2020 nr. 138.

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 5Folketrygdloven § 12-9omtalt i 3 kilderreferert av 2

Formue

Dersom ein søkjar eller ektemaken har formue over 0,5 ganger grunnbeløpet, skal ein gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg bruk. Departementet kan gi forskrift til utfylling av reglane i paragrafen her.

Søknad om stønad blir avslått dersom søkeren eller ektefellen har en formue som overstiger 0,5 ganger grunnbeløpet. Bolig og vanlige gjenstander til daglig bruk regnes ikke som formue.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Låge stønadsbeløp

Supplerande stønad vert ikkje gitt dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp enn to prosent av full supplerande stønad etter § 5 bokstav a.

Det gis ikke tilleggsstønad dersom beløpet er mindre enn to prosent av full supplerende stønad.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015).

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 5omtalt i 1 kilde

Endringar

Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent. Ved endring i garantipensjonsnivå og grunnbeløpet skal supplerande stønad regulerast i tråd med desse endringane. Frådrag i stønaden etter § 6 på grunn av alderspensjon eller uføretrygd frå folketrygda, eller andre ytingar som er direkte knytte til grunnbeløpet eller blir regulerte etter tilsvarande reglar som for alderspensjon frå folketrygda, skal regulerast i tråd med endringa i desse ytingane. Retten til stønad fell bort dersom inntektsgrunnlaget etter § 6 i løpet av stønadsperioden tilsvarar eller er høgare enn full supplerande stønad etter § 5. Det same gjeld dersom stønadstakaren eller ektemaken får formue over grensa nemnd i § 8 første ledd.

Stønaden justeres dersom inntekt eller andre forhold endres med minst 10 prosent. Beløpet reguleres også når garantipensjon og grunnbeløpet endres. Retten til stønad opphører hvis inntekten blir for høy eller formuen overstiger en bestemt grense.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 22 des 2006 nr. 94 (ikr. 1 jan 2007), 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V), 18 des 2020 nr. 138 (ikr. 1 jan 2021), 7 mai 2026 nr. 15.

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 6Lov om supplerande stønad ved kort butid § 5Lov om supplerande stønad ved kort butid § 8omtalt i 3 kilderreferert av 1

Stønadsperiode og utbetaling

Supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader. Stønadstakaren kan søkje om forlenging av ytingane med 12 månader om gongen. Stønad vert gitt frå og med månaden etter den månaden då vilkåra for ytinga var oppfylte, men ved forlenging av stønadsperioden som nemnd i første leddet tidlegast frå og med månaden etter utløpet av den siste stønadsperioden. Dersom retten til ytingar fell bort av andre grunnar enn at stønadsperioden løper ut, vert ytingar gitt til og med den månaden då retten fall bort. Dersom ei endring som nemnd i § 10 fører til at stønaden vert sett opp, gjeld dette frå og med den månaden då endringa skjedde. Dersom ytinga vert sett ned, får dette verknad frå og med månaden etter den månaden då endringa skjedde. Supplerande stønad vert ikkje gitt for lengre tid attende enn tre månader før den månaden då søknaden om ytingar vart sett fram. Renter vert ikkje gitt. Rentetap eller ytingar for tidlegare månader enn tre månader før søknadsmånaden kan heller ikkje krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova eller i alminnelege erstatningsrettslege reglar. Dersom det er utbetalt økonomisk stønad etter kapittel 4 i lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen i periodar som det vert etterbetalt supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i etterbetalinga tilsvarande den økonomiske stønaden. Dette gjeld også for økonomisk stønad utbetalt den månaden da supplerende stønad kjem til utbetaling. Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa vert avrunda til den næraste heile krona.

Stønaden gis i perioder på 12 måneder, og man kan søke om forlengelse. Utbetalingene skjer månedlig, og det gjøres fradrag dersom man har mottatt sosialhjelp i samme periode.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 10omtalt i 1 kilde

Opphald i institusjon mv

Personar som er innlagde i institusjon der opphaldet heilt eller delvis vert dekt av det offentlege, har ikkje rett til supplerande stønad for tidsrom etter at opphaldet har vara i ein kalendermånad utover den månaden då han eller ho vart innlagt. Reglane i første leddet gjeld tilsvarande ved opphald i fengsel mv.

Personer som bor på institusjon eller i fengsel der det offentlige betaler hele eller deler av kostnadene, mister retten til supplerende stønad. Dette skjer etter at oppholdet har vart i én kalendermåned i tillegg til måneden man ble lagt inn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016).

Tilbakekrevjing

Supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag for utlegg. Beløp som skal krevjast tilbake etter første leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av Arbeids- og velferdsetaten. Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa. Beløp som ikkje vert innkravde etter andre leddet, kan innkrevjast etter reglane i innkrevingsloven. Når supplerande stønad er utbetalt i utlandet i strid med reglane i § 4, skal for mykje utbetalt stønad avreknast månad for månad i ein ny stønadsperiode utan omsyn til om vilkåra for tilbakekrevjing etter første leddet er oppfylte.

Stønad som er utbetalt ved en feil skal betalast tilbake dersom mottakaren visste eller burde ha visst om feilen. Pengane kan trekkjast frå framtidige utbetalingar eller krevjast inn etter innkrevingsloven. Utbetalingar i utlandet i strid med reglane skal alltid avreknast.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015), 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 4omtalt i 2 kilder

Finansiering

Utgiftene som Arbeids- og velferdsetaten har til supplerande stønad og til administrasjon av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane som trengst til dekning av utgiftene skal overførast til Arbeids- og velferdsdirektoratet på forskot, og seinast på det tidspunktet utbetaling skal skje. Arbeids- og velferdsetaten skal føre særskilt rekneskap over pengane som vert overførte til dekning av supplerande stønad.

Staten betaler for utgiftene til tilleggsstønad og administrasjon av ordningen. Pengene skal overføres på forskudd før utbetaling, og det skal føres et eget regnskap for disse midlene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631).

Kapittel 4. Saksbehandling mv.

Tilhøvet til forvaltningslova

Reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga av saker om supplerande stønad, med dei unntaka som går fram av lova her.

Forvaltningslovens regler gjelder for behandlingen av saker om supplerende stønad, med mindre denne loven sier noe annet.AI

Avgjerd etter lova

Saker om ytingar etter lova vert avgjorte av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som kan delegere avgjerda til anna organ i Arbeids- og velferdsetaten.

Saker om ytingar etter lova vert avgjorte av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Direktoratet kan la andre organ i Arbeids- og velferdsetaten ta avgjerda.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631).

Søknad

Søknad om supplerande stønad skal setjast fram for det felles lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga på bustaden til søkjaren på skjema fastsett av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Søkjaren skal møte personleg på det felles lokale kontoret. Søkjaren skal få hjelp til utfyllinga av skjemaet så langt dette er naudsynt.

Søknad om tilleggsstønad ved kort botid skal leveres på et fastsatt skjema til det lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltningen der søkeren bor. Søkeren må møte opp personlig og skal få nødvendig hjelp til å fylle ut skjemaet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631).

Plikt til å gi opplysningar

Ein person som søkjer om supplerande stønad, har plikt til å gi dei opplysningane og levere dei dokumenta som Arbeids- og velferdsetaten treng for å vurdere om han eller ho har rett til ytinga. Den som får supplerande stønad, skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om endringar i alle tilhøva som verkar inn på retten til eller storleiken på ytinga. Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at ein person som får supplerande stønad gir dei opplysningane og leverer dei dokumenta som Arbeids- og velferdsetaten treng for å kontrollere storleiken på stønaden eller om han eller ho framleis har rett til ytinga. Dersom ein søkjar eller stønadstakar ikkje legg fram dokumentasjon som Arbeids- og velferdsetaten har bedt om, kan ein søknad om ytingar bli avslått, og ytingar som er gitt kan haldast attende. Det same gjeld dersom søkjaren gir uriktige opplysningar som er viktige for retten til eller storleiken på ytinga eller let vere å gi slike opplysningar.

Søkere og mottakere av tilleggsstønad må gi nødvendig informasjon og dokumentasjon til Arbeids- og velferdsetaten. Endringer som påvirker stønaden må meldes fra om. Manglende eller feil informasjon kan føre til avslag eller at utbetalinger stanses.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631).

referert av 1

Henting av opplysningar mv

Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at Skatteetaten gir opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for ein person som søkjer om eller har fått supplerande stønad. Dette gjeld òg i høve til tidlegare skattefastsetjingar. Ved behandlinga av krav om ytingar etter lova, og ved kontroll av ytingar som er gitt, har Arbeids- og velferdsetaten rett til å få nødvendige opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre offentlege organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private pensjonsordningar. Arbeids- og velferdsetaten kan påleggje helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige meldingar når klientar vert innlagde eller utskrivne. Dei som vert pålagt å gi opplysningar, har plikt til å gjere dette utan ugrunna opphald og utan hinder av teieplikt. Dei kan ikkje krevje vederlag for å gi opplysningane.

Arbeids- og velferdsetaten kan hente inn nødvendige opplysninger om inntekt, formue og livssituasjon fra offentlige myndigheter, banker og institusjoner for å behandle søknader om stønad. De som gir opplysningene, kan ikke kreve betaling for dette.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 17 juni 2016 nr. 25, 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Opplysningar om ektemaken

Ektemaken til ein person som søkjer om eller får supplerande stønad etter lova, har plikt til å gi opplysningar om inntekts- eller formuestilhøva sine etter reglane i § 18. Reglane i § 19 gjeld tilsvarande i høve til henting av slike opplysningar.

Ektefellen til en person som søker om eller mottar tilleggsstønad, plikter å oppgi informasjon om egen inntekt og formue. Det gjelder også regler for hvordan slike opplysninger kan hentes inn.AI

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 18Lov om supplerande stønad ved kort butid § 19

Kontroll

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan bestemme at saker om supplerande stønad skal få ei ny vurdering med fastsette mellomrom, og kan gi reglar om korleis slik etterprøving skal gjennomførast. Departementet kan gi forskrift om tiltak med sikte på å kontrollere at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta kan bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg på det felles lokale kontoret inntil to gonger i året og vise pass eller anna reisedokument.

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan bestemme at saker om supplerande stønad skal vurderast på nytt med faste mellomrom. Departementet kan lage reglar for å kontrollere om vilkåra er oppfylte eller om stønadstakar har vore i utlandet ulovleg. Dette kan inkludere krav om personleg oppmøte med pass.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 16 des 2005 nr. 118 (ikr. 1 jan 2006), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 19 des 2014 nr. 74 (ikr. 1 jan 2015).

Se ogsåLov om supplerande stønad ved kort butid § 4omtalt i 1 kilde1 forskrift

Anke til Trygderetten

Vedtak om supplerande stønad etter lova her kan ankast inn for Trygderetten. Reglane i folketrygdlova § 21-12 gjeld tilsvarande så langt dei høver.

Vedtak om tilleggsstønad ved kort botid kan klages inn for Trygderetten. Reglene for klage i folketrygdloven gjelder også her.AI

Se ogsåFolketrygdloven § 21-12

Kapittel 5. Ikraftsetjing

Når lova tek til å gjelde

Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen bestemmer.

Loven trer i kraft fra det tidspunktet Kongen bestemmer.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 jan 2006 iflg. res. 16 des 2005 nr. 1561 .

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvem kan få denne støtten?

Loven skal sikre en minsteinntekt for flyktninger som er uføre, eller som har fylt 67 år, og som har lave eller ingen ytelser fra folketrygden fordi de har bodd kort tid i Norge.

Åpne § 1
Hvem regnes som flyktning etter denne loven?

Bestemmelsen definerer hvem som regnes som flyktning og ufør flyktning i loven. Den forklarer også hvilke beløp som legges til grunn, og hvem som regnes som ektefelle.

Åpne § 2
Hvem kan få supplerende stønad?

Supplerende stønad gis til personer bosatt i Norge som er uføre flyktninger eller har fylt 67 år. Det er et krav at man først bruker alle pensjonsrettigheter fra folketrygden eller andre ordninger.

Åpne § 3
Mister jeg stønaden hvis jeg reiser til utlandet?

Retten til supplerende stønad bortfaller hvis man oppholder seg i utlandet i mer enn 90 dager sammenhengende eller totalt i løpet av en stønadperiode. Det finnes et unntak dersom man ikke kan returnere til Norge på grunn av egen sykdom.

Åpne § 4
Hvilket nivå skal stønad til personer over 67 år følge?

Bestemmelsen fastsetter nivået for full supplerende stønad. Beløpet avhenger av om stønadstakeren er uføre flyktning eller over 67 år, samt om personen er enslig eller bor sammen med ektefelle, voksne barn eller andre voksne.

Åpne § 5
Blir stønaden mindre hvis jeg eller ektefellen min tjener penger?

Supplerende stønad reduseres basert på inntekten til personen som får stønad og deres ektefelle. Det finnes egne regler for hvordan ektefellens inntekt regnes dersom vedkommende er over 67 år eller er uføre flyktning.

Åpne § 6
Når får man supplerende stønad?

Supplerende stønad gis når den fulle stønaden er høyere enn inntektsgrunnlaget. Stønaden skal utgjøre differansen mellom disse to beløpene.

Åpne § 7
Hva skjer hvis jeg eller ektefellen min har for høy formue?

Søknad om stønad blir avslått dersom søkeren eller ektefellen har en formue som overstiger 0,5 ganger grunnbeløpet. Bolig og vanlige gjenstander til daglig bruk regnes ikke som formue.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2026

  2. 2025

  3. 2010

  4. 2009

Forarbeider og bakgrunn

Vis alle 22 kilder
Innst. 80 L (2019–2020)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra arbeids- og sosialkomiteen

Stortinget · 3. desember 2019

Innst. 368 L (2016–2017)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra arbeids- og sosialkomiteen

Stortinget · 1. juni 2017

Innst. 379 L (2015–2016)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (økt minste pensjonsnivå til enslige alderspensjonister og andre endringer)

Stortinget · 3. juni 2016

Innst. 106 L (2015–2016)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (økning i grunnpensjon til gifte og samboende pensjonister og andre endringer)

Stortinget · 4. desember 2015

Innst. 180 S (2014–2015)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om gjennomgang av ordninga med supplerande stønad til personar over 67 år med kort butid i Noreg

Stortinget · 17. februar 2015

Lovvedtak 27 (2014–2015)Forarbeider

Vedtak til lov om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

Stortinget · 15. desember 2014

Innst. 4 L (2014–2015)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatter, avgifter og toll 2015 – lovsaker

Stortinget · 8. desember 2014

Innst. 81 L (2014–2015)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (samleproposisjon)

Stortinget · 4. desember 2014

Innst. 289 L (2013–2014)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon)

Stortinget · 12. juni 2014

Innst. 402 S (2010–2011)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011

Stortinget · 6. juni 2011

Innst. 140 L (2010–2011)Forarbeider

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringer i lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og i enkelte andre lover (tilpasninger til endret alderspensjon i folketrygden)

Stortinget · 7. desember 2010

Lovvedtak 17 (2010–2011)Forarbeider

Vedtak til lov om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

Stortinget · 25. november 2010

Innst. 4 L (2010–2011)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatter og avgifter 2011 – lovendringer

Stortinget · 19. november 2010

Innst. 356 L (2009–2010)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra arbeids- og sosialkomiteen

Stortinget · 10. juni 2010

Forskrifter med hjemmel i denne loven

1 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Lov om supplerande stønad ved kort butid.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.