Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk.

LTI/forskrift/2001-06-20-733·Kunngjort 3. juli 2001·Journalnr. 2001-0809

I kraft fra: 2001-07-01

I

I forskrift av 29. juni 1999 nr. 763 om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk blir det gjort følgjande endring:

§ 1 skal lyde:

Produsentar som omsetter jordbruksvarer, skal svara avgift etter desse satsane: a) Mjølk: 12 øre pr. liter b) Kjøtt av storfe og kalv: maks. 250 øre pr. kg c) Kjøtt av sau og lam: maks. 200 øre pr. kg d) Svinekjøtt: maks. 250 øre pr. kg e) Egg: 90 øre pr. kg f) Kjøtt av kylling: 80 øre pr. kg g) Kjøtt av kalkun: 40 øre pr. kg

Omsetningsrådet sitt arbeidsutval fastsett omsetningsavgifta innafor maksimalsatsane i første ledd bokstav b, c og d.

Avgiftsplikta gjeld ikkje ved omsetning frå produsent til arbeidarar på garden eller i verksemda, eller ved oppfylling av kår- og forpaktarkontraktar.

II

Endringa trer i kraft 1. juli 2001.