Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5.

Rådet samlar og legg til rette det tilfanget som trengst og gjer framlegg um dei tiltak som bør setjast i verk for å fremja dei fyremåla som er nemnde i § 1. På grunnlag av dette kan Kongen for upp til 1 år um gongen leggja på avgifter ved umsetnaden av kjøtt av storfe, sau, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, egg, pelsdyrskinn, poteter, grønsaker, frukt og bær etter dei føresegnene som er nemde nedanfor. Avgiftene skal produsentane svara når dei sel, leverer eller fær uppgjerd for vara. Det vert rekna som umsetnad når varor som er nemnde i andre leden vert nytta av produsenten i hans eiga verksemd, utanom vanleg gardsdrift, til foredling eller framstilling av hermetikk eller andre produkt for sal. Avgifta vert då rekna av den mengda som vert nytta til produksjonen, eller av det verdet ho har. I særhøve kan departementet gje føresegner om unntak frå avgiftsplikta etter leden her.

Rådet legg til rette for tiltak for å fremja omsetnaden av jordbruksvarer. Kongen kan vedta avgifter på utvalde jordbruksvarer i periodar på inntil 1 år. Avgiftene skal betalast av produsentane ved sal eller levering.AI

Endret 19. juni 2009
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3 (tidlegare § 4), 14 juni 1963 nr. 12, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997), 21 des 2001 nr. 115 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 21 des 2001 nr. 1561), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 816).

Se ogsåLov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror § 1referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også1
Referert av1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 5 i lov-til-å-fremja-umsetnaden-av-jordbruksvaror.

Les hele loven i sammenheng →