Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk.

LTI/forskrift/2001-12-14-1457·Kunngjort 20. desember 2001·Journalnr. 2001-1420

I kraft fra: 2002-01-01

I

I forskrift av 29. juni 1999 nr. 763 om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk blir det gjort følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

Produsentar som omsetter jordbruksvarer, skal svara avgift etter desse satsane: a) Mjølk: 1 øre pr. liter b) Kjøtt av storfe og kalv: maks. 250 øre pr. kg c) Kjøtt av sau og lam: maks. 200 øre pr. kg d) Svinekjøtt: maks. 250 øre pr. kg e) Egg: 80 øre pr. kg f) Kjøtt av kylling: 80 øre pr. kg g) Kjøtt av kalkun: 40 øre pr. kg h) Korn og oljefrø: 1 øre pr. kg

Omsetningsrådet sitt arbeidsutval fastsett omsetningsavgifta innafor maksimalsatsane i første ledd bokstav b, c og d.

Avgiftsplikta gjeld ikkje ved omsetning frå produsent til arbeidarar på garden eller i verksemda, eller ved oppfylling av kår- og forpaktarkontraktar.

§ 3 andre ledd skal lyde:

Satsen for overproduksjonsavgift for mjølk er 300 øre pr. liter kumjølk, og 300 øre pr. liter geitemjølk.

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2002.