Forskrift om endring i forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk.
I kraft fra: 2003-01-01
I
I forskrift av 29. juni 1999 nr. 763 om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk blir det gjort følgjande endring:
§ 1 skal lyde:
Produsentar som omsetter jordbruksvarer, skal svara avgift etter desse satsane: a) Mjølk: 8 øre pr. liter b) Kjøtt av storfe og kalv: maks. 200 øre pr. kg c) Kjøtt av sau og lam: maks. 200 øre pr. kg d) Svinekjøtt: maks. 250 øre pr. kg e) Egg: 60 øre pr. kg f) Kjøtt av kylling: 60 øre pr. kg g) Kjøtt av kalkun: 40 øre pr. kg h) Korn og oljefrø: maks. 5 øre pr. kg
Omsetningsrådet sitt arbeidsutval fastsett omsetningsavgifta innafor maksimalsatsane i første ledd bokstav b, c, d og h.
Avgiftsplikta gjeld ikkje ved omsetning frå produsent til arbeidarar på garden eller i verksemda, eller ved oppfylling av kår- og forpaktarkontraktar.
II
Endringa trer i kraft 1. januar 2003.