Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om godtgjering til andre som gjer teneste etter barnelova § 61 første ledd.

LTI/forskrift/2004-03-10-516·Kunngjort 16. mars 2004·Journalnr. 2004-0513

I kraft fra: 2004-04-01

HjemmelBarnelova – bl § 61lov/2003-06-20-40

§ 1 .

Forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 om salær fra det offentlige til advokater m.v. gjeld tilsvarande der retten oppnemnar annan eigna person etter barnelova § 61 nr. 4 og 7, viser partane til mekling hos annan person med innsikt i dei tvistepunkta saka gjeld etter barnelova § 61 nr. 2 og oppnemnar annan person enn advokat som representant for barnet etter barnelova § 61 nr. 5.

Retten skal fastsetje salæret etter timesats fastsett av Justisdepartementet jf. forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 § 2 første punktum. Dette gjeld berre der det ikkje høyrer til den alminnelege tenesteplikta å utøve rolla. Vedkomande kan ikkje krevje tapt arbeidsgodtgjering i staden for godtgjering etter forskrift 3. desember 1997 nr. 1441.

Dei som gjer teneste etter første ledd skal ha reisegodtgjering slik det er fastsett i reglane om skyss- og kostgodtgjering for offentlege tenestemenn.

§ 2 .

Der godkjend meklar får saka send frå retten etter barnelova § 61 nr. 2, gjeld forskrift 17. november 1992 nr. 980 § 8 andre ledd til ekteskapsloven om mekling mv. tilsvarande der meklinga vert utført av andre enn tilsette ved familievernkontora.

§ 3 .

Forskrifta her tek til å gjelde 1. april 2004.