Lov
Nynorsk
§ 61. Avgjerder under saksførebuinga
Barnelova·Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær·Sist endret 1. september 2023
Avgjerder under saksførebuinga
Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller etter at eitt eller fleire av tiltaka i nr. 1 til 7 nedanfor er gjennomført.
1) Retten skal som hovudregel innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka og eventuelt mekle mellom partane der saka er eigna for det. Retten kan oppnemne ein sakkunnig til å vere med i dei saksførebuande møta. Retten kan jamvel be den sakkunnige ha samtalar med foreldra og barna og gjere undersøkingar for å klarleggje tilhøva i saka, med mindre foreldra set seg i mot dette. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg.
2) Retten kan vise partane til mekling hos godkjend meklar eller annan person med innsikt i dei tvistepunkta saka gjeld. §§ 52 og 53 gjeld tilsvarande. Dersom meklaren kjem fram til at partane ikkje kan nå fram til ein avtale gjennom vidare mekling, skal han straks melde frå til retten om dette.
3) Der det trengst, bør retten oppnemne sakkunnig til å uttale seg om eitt eller fleire av spørsmåla som saka reiser. Der det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding og saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst på anna måte, kan retten oppnemne ein sakkunnig.
4) Dommaren kan gjennomføre samtalar med barnet, jf. § 31. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å hjelpe seg, eller la ein sakkunnig ha samtale med barnet aleine. Der barnet har formidla meininga si, skal dommaren eller den dommaren peiker ut orientere barnet om utfallet av saka og korleis meininga til barnet har blitt teke omsyn til.
5) Retten kan i særlege høve, mellom anna når det er grunn til å tru at barnet er utsett for vald eller på anna vis blir handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare, oppnemne ein advokat eller annan representant til å ta vare på interessene til barnet i samband med søksmålet. Den som er oppnemnd, kan samtale med barnet og skal gje slik informasjon og støtte som er naturleg. Advokaten eller representanten skal få saksdokumenta. Han kan kome med framlegg om handsaminga av saka og skriftleg eller i rettsmøte gje råd om korleis sakshandsaminga best kan ta vare på interessene til barnet. Retten avgjer om og eventuelt kor lenge han skal vere til stades under rettsmøta i saka. Når advokaten eller representanten er til stades i rettsmøta, kan han stille spørsmål til partar og vitne.
6) Retten bør innhente fråsegner frå barnevernet og sosialtenesta der det trengst.
7) Retten kan gje partane høve til å prøve ut ei førebels avtale for ei nærare fastsett tid. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å rettleie foreldra i prøvetida.
8) Retten kan gje dom utan hovudforhandling så framt partane samtykkjer til det og retten ser det som forsvarleg.
Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnde i første stykket nr. 1, 2, 3, 4, 5 og 7. Sakkunnig som vert oppnemnd etter første stykket skal godtgjerast etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. Dersom det skal oppnemnast ein advokat for barnet etter første stykket nr. 5, har barnet rett på fri sakførsel utan behovsprøving jf. rettshjelpsloven § 16 første ledd nr. 6. Departementet kan ved forskrift fastsetje reglar om godtgjering til andre som gjer teneste etter paragrafen her.
Sakkunnig som vert oppnemnd av domstolen etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Det same gjeld advokatar eller andre som blir oppnemnde som representantar for barnet. Hastar oppnemninga, kan oppnemning skje før det er innhenta politiattest.
Noter (1)
- EndringFøyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lover 15 apr 2005 nr. 17 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 15 apr 2005 nr. 339), 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 13 des 2013 nr. 1443), 16 juni 2023 nr. 42 (i kraft 1 sep 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 899).
Se ogsåBarnelova § 52Barnelova § 53Barnelova § 31Rettshjelploven § 16 første leddreferert av 8 →
Sammenheng
Se også5
Referert av8
- Forskrift om tenester etter barnelova § 61 § 1
- Forskrift om tenester etter barnelova § 61 § 2
- Rettshjelploven § 16 første leddVilkår for fri sakførsel
- Barnelova § 50Teieplikt
- Barnelova § 61 cBarnesakkunnig kommisjon
- Barnelova § 62Anke over avgjerder under saksførebuinga
- Barnelova § 65 aBruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring
- Familievernkontorloven § 5 aTaushetsplikt og opplysningsplikt ved mekling
Koblinger for § 61 i barnelova.