Lov
Nynorsk
§ 61 c. Barnesakkunnig kommisjon
Barnelova·Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær·Sist endret 15. august 2022
Barnesakkunnig kommisjon
Barnesakkunnig kommisjon skal vurdere kvaliteten på utgreiingar frå sakkunnige som er oppnemnde av retten etter § 61 første stykket nr. 3 og utgreiingar frå sakkunnige som ein part har engasjert.
Ein sakkunnig som er oppnemnd av retten etter § 61 første stykket nr. 3 skal sende utgreiinga til kommisjonen med kopi til retten. Er den sakkunnige engasjert av ein part, skal parten sende inn utgreiinga på same måten. Kommisjonen skal sende si vurdering til retten og den sakkunnige.
Retten kan berre leggje til grunn ei sakkunnig utgreiing som har vore vurdert av kommisjonen etter denne paragrafen.
Departementet nemner opp medlemmene i kommisjonen og kan gje forskrift om korleis kommisjonen skal vere organisert, kva oppgåver han skal ha, og korleis han skal handsame sakene.
Noter (1)
- EndringFøyd til med lov 11 juni 2021 nr. 60 (ikr. 11 juni 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1866, kun fjerde ledd), endra med lov 11 juni 2021 nr. 60 (i kraft 15 aug 2022 iflg. res. 3 juni 2022 nr. 959, første til tredje ledd).
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 61 c i barnelova.