Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 65 a. Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Barnelova·Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær·Sist endret 1. januar 2018

Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan den oppnemne ein sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta for å mekle eller ha samtalar med foreldra. Føremålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktane sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget. Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget, normalt ikkje lenger enn to veker etter oppnemninga. Fristen kan forlengjast om retten meiner ei frivillig løysing mellom foreldra er mogeleg om meklinga eller samtalane held fram. Den som har fått oppdrag etter første leddet, skal innan fristen levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er sette i verk mv. Opplysningar om andre vesentlege omstende for saka skal gå fram av utgreiinga. I saker om tvangsfullføring gjeld § 61 første leddet nr. 3 tilsvarande.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 31 mars 2017 nr. 13 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 15 sep 2017 nr. 1395).

Se ogsåBarnelova § 61 første leddreferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 65 a i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →