Lov
Nynorsk
§ 65. Tvangsfullføring
Barnelova·Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær·Sist endret 1. januar 2026
Tvangsfullføring
For tvangsfullføring av avgjerd om og anna særleg tvangsgrunnlag for foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast, og samværsrett gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13, likevel slik at § 13-8 femte ledd ikkje gjeld. Vedtak av statsforvaltaren om tvangskraft for avtaler etter § 55 er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.
Avgjerd eller avtale med tvangskraft om foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast, kan tvangsfullførast ved henting eller tvangsbot. Avgjerd eller avtale med tvangskraft om samværsrett kan berre tvangsfullførast ved tvangsbot. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for tingretten i distriktet der saksøkte har sitt alminnelege verneting. Reglane i § 15 andre leddet gjeld tilsvarande.
Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfylling av samværsretten er umogleg, til dømes der det er risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Det same gjeld ved tvangsfullføring av foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast.
Barnet skal få høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Tvangsfullføring skal ikkje skje mot barnet sin vilje, med mindre retten kjem til at det er naudsynt av omsyn til barnet.
For å leggje til rette for gjennomføring av fastsett samvær kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda der det er formålstenleg, til dømes å endre tida for henting og levering.
Innkrevjingsmyndigheita krev inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Lar den som har retten etter lova det gå lenger tid med inndrivinga, lauper inga vidare bot før den bota som allereie er forfallen til betaling, er betalt eller det er tatt utlegg for den.
Noter (1)
- EndringFøyd til ved lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), jf. tidlegare § 42 og § 48, endra ved lover 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 13 des 2013 nr. 1443), 31 mars 2017 nr. 13 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 15 sep 2017 nr. 1395), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416), 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).
Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 13-8Barnelova § 60Barnelova § 15Barnelova § 55referert av 5 →
Sammenheng
Referert av5
Koblinger for § 65 i barnelova.