Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om endring i forskrift om overgangsreglar i samband med nye reglar om fastsetjing av fostringstilskot.

LTI/forskrift/2004-03-18-563·Kunngjort 26. mars 2004·Journalnr. 2004-0550

I kraft fra: 2004-04-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 119 om overgangsreglar i samband med nye reglar om fastsetjing av fostringstilskot blir det gjort følgjande endringar:

§ 1 skal lyde:

Fostringstilskot til barn etter § 74 om særskilt endring av fastsett tilskot i barnelova vert fastsett etter reglane i denne forskrifta.

§ 3 tredje stykket skal lyde:

Reglane i barnelova § 73 om indeksregulering gjeld både for det nye fostringstilskotet etter dei vanlege reglane og for det fostringstilskotet som gjeld etter overgangsreglane. Det nye fostringstilskotet skal reknast med indeksregulering frå det tidspunktet overgangsreglane er oppheva.

II

Endringane tek til å gjelde frå 1. april 2004.