Hopp til innhold
Forskrift
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om overgangsreglar i samband med nye reglar om fastsetjing av fostringstilskot.

Forskrift om overgangsreglar

forskrift/2003-01-15-119·5 paragrafer·Sist endret 1. april 2004·Utforsk grafen
I kraft 2003-10-01Kunngjort 2003-02-11Sist endret ved forskrift/2004-03-18-563 fra 2004-04-01

Offentleg fastsetjing av fostringstilskot

Fostringstilskot til barn etter § 74 om særskilt endring av fastsett tilskot i barnelova vert fastsett etter reglane i denne forskrifta.

Denne bestemmelsen slår fast at det er reglene i denne forskriften som bestemmer hvordan fostringstilskudd til barn skal fastsettes.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 563 (i kraft 1 april 2004).

Vilkår for fastsetjing etter overgangsreglane

For å avgrense verknaden av overgangen til eit nytt regelverk skal tilskotet fastsetjast etter overgangsreglane når tilskotet til eit barn vert vesentleg sett opp eller ned. Ei netto endring på kr 1.250 eller meir per barn per månad skal reknast som vesentleg. Ei netto endring er differansen mellom eit fostringstilskot utmålt etter dei nye reglane samanlikna med eit fostringstilskot utmålt etter dei gamle reglane justert for eit skattefrådrag sett til 28% for den tilskotspliktige eller ein skatteprosent sett til 20% når tilskotsmottakaren betaler skatt. Når tilskotsmottakaren ikkje betaler skatt, er netto- og bruttoendringa den same. Når ein av partane bur i utlandet, kan trygdekontoret fråvike reglane i første stykket tredje og fjerde punktum, slik at det berre vert justert for skattefrådrag der den tilskotspliktige får slikt skattefrådrag, anten etter dei gamle eller etter dei nye reglane.

Fastsetjing av fostringstilskotet etter overgangsreglane

Fostringstilskotet skal setjast til det opphavlege netto fostringstilskotet justert for halvparten av differansen mellom fostringstilskotet fastsett etter dei nye reglane og det opphavlege netto fostringstilskotet, men slik at endringa aldri vert mindre enn kr 1.250 per barn per månad. Når overgangsperioden er slutt, skal fostringstilskotet vere lik det opphavlege fastsette fostringstilskotet rekna på det tidspunktet vedtaket om endring vart gjort. Reglane i forskrifta om fastsetjing og endring av fostringstilskot § 6 om tilskotsevne og § 7 om maksimumsgrense og § 10 om barnetillegg i trygd o.a. gjeld tilsvarande når fostringstilskotet vert fastsett etter reglane i denne forskrifta. Reglane i barnelova § 73 om indeksregulering gjeld både for det nye fostringstilskotet etter dei vanlege reglane og for det fostringstilskotet som gjeld etter overgangsreglane. Det nye fostringstilskotet skal reknast med indeksregulering frå det tidspunktet overgangsreglane er oppheva. Fostringstilskot kan berre krevjast fastsett etter overgangsreglane ein gong for kvart barn.

Denne regelen forklarer hvordan fostringstilskudd beregnes i en overgangsperiode. Den fastslår at visse regler om tilskuddsevne, maksimumsgrenser og barnetillegg fortsatt gjelder, og at beløpet skal indeksreguleres. Overgangsreglene kan bare brukes én gang per barn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 563 (i kraft 1 april 2004).

Se ogsåBarnelova § 73

Lengda på overgangsperioden

Overgangsperioden er på eitt år rekna frå det tidspunktet lova tek til å gjelde.

Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003.

Denne forskriften trådte i kraft den 1. oktober 2003.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvilke regler gjelder for fastsettelse av fostringstilskudd?

Denne bestemmelsen slår fast at det er reglene i denne forskriften som bestemmer hvordan fostringstilskudd til barn skal fastsettes.

Åpne § 1
Hvordan skal fostringstilskuddet beregnes etter overgangsreglene?

Denne regelen forklarer hvordan fostringstilskudd beregnes i en overgangsperiode. Den fastslår at visse regler om tilskuddsevne, maksimumsgrenser og barnetillegg fortsatt gjelder, og at beløpet skal indeksreguleres. Overgangsreglene kan bare brukes én gang per barn.

Åpne § 3
Når begynte denne forskriften å gjelde?

Denne forskriften trådte i kraft den 1. oktober 2003.

Åpne § 5

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2004