Hopp til innhold
Forskriftsendring
Samferdselsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om eigedomsinngrep etter veglova.

LTI/forskrift/2004-08-27-1217·Kunngjort 31. august 2004·Journalnr. 2004-1060

I kraft fra: 2004-08-27

I

I forskrift 11. september 1981 nr. 8603 om eigedomsinngrep etter veglova blir det gjort følgjande endringar:

§ 3 og § 4 skal lyde:

Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan eller utbyggingsplan etter plan- og bygningslova.

Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen eller utbyggingsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3.

små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med § 23 i plan- og bygningslova om plikt til å utarbeide reguleringsplan. Inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med § 23 i plan- og bygningslova om plikt til å utarbeide reguleringsplan. vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd. avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.

II

Endringane trer i kraft straks.