Hopp til innhold
Forskriftsendring
Justis- og politidepartementet

Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

LTI/forskrift/2004-10-15-1338·Kunngjort 15. oktober 2004·Journalnr. 2004-1165

I kraft fra: 2004-11-01

HjemmelTomtefestelova – tfllov/2004-07-02-63

§ 1 .

Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 7, § 32, § 33, § 34, § 36 første og andre ledd, § 37 og § 38 skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare.

§ 2 .

Regelen i § 36 tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1. januar 2007 eller seinare.

§ 3 .

Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i § 7, § 32, § 33, § 34, § 36, § 37 og § 38 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.

§ 4 .

Endringane i § 43 gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1. november 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i tomtefestelova § 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskrifta her.

§ 5 .

Forskrifta gjeld frå 1. november 2004.