Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Lov om tomtefeste

Tomtefestelova

lov/1996-12-20-106·47 paragrafer·Sist endret 1. januar 2018·Utforsk grafen
I kraft 2002-01-01Sist endret ved lov/2017-05-11-26 fra 2018-01-01
Innhold47 paragrafer

Kapittel I. Allmenne føresegner

Kva lova gjeld

Lova her gjeld feste (leige) av grunn til hus som festaren (leigaren) har eller får på tomta. Inn under lova går òg bruksrett til grunn som skal nyttast til veg, bilplass, hage eller liknande i samband med hus på festetomta. Dette gjeld òg særlege bruksrettar som bortfestaren har over framand eigedom og overlet til festaren, så langt det er tale om rettshøvet mellom festaren og bortfestaren. Om høvet til grunneigaren der bortfestaren er leigar av grunnen, gjeld føresegnene i § 42. Lova gjeld ikkje grunnleige der hovudføremålet er anna enn hus og bruk i samband med hus.

Loven gjelder når man leier grunn for å ha et hus på tomten. Den omfatter også rettigheter til vei, parkeringsplass og hage som hører til huset.AI

Se ogsåTomtefestelova § 42

Særleg om tilhøvet til nye og eldre festeavtaler

Lova gjeld for festeavtaler anten dei er inngått før eller etter at lova her tek til å gjelde, om ikkje noko anna er sagt i lova eller går fram av samanhengen. Festeavtaler som er inngått etter at lova her tek til å gjelde, er kalla nye festeavtaler. Der det er sagt i lova eller går fram av samanhengen at føresegnene berre gjeld for nye festeavtaler eller for festeavtaler inngått etter 1975, gjeld føresegnene òg for eldre festeavtaler som vert lenga med ei avtale etter desse tidspunkta.

Loven gjelder for både gamle og nye festeavtaler, med mindre annet er bestemt. Regler som kun gjelder for nye avtaler, kan også gjelde for eldre avtaler dersom disse har blitt forlenget etter bestemte tidspunkter.AI

Utvida geografisk område

Lova gjeld for Svalbard, Jan Mayen, Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Mauds Land berre i den mon det er fastsett av Kongen ved forskrift.

Loven gjelder som hovedregel ikke for Svalbard, Jan Mayen, Bouvet-øya, Peter Is øy og Dronning Maud Land. Den gjelder der kun dersom Kongen har bestemt det gjennom en forskrift.AI

Tilhøvet mellom lova og avtaler

Ingen kan avtale eller gjere gjeldande vilkår i strid med føresegnene i lova, utan når dette er sagt i lova eller går fram av samanhengen.

Loven går foran private avtaler. Det er ikke lov å avtale vilkår som bryter med reglene i denne loven, med mindre loven selv åpner for det.AI

Festeavtale

Avtale om tomtefeste skal gjerast skriftleg. For nye festeavtaler skal det seiast i avtala om festet gjeld tomt til bustadhus, tomt til fritidshus eller tomt til anna føremål, og tomteverdien skal opplysast. Partane vert likevel rekna å ha bunde seg i høve til kvarandre når det er ytt og motteke vederlag for festet, eller når festaren i samsvar med ei munnleg avtale har teke over festet utan motsegn frå bortfestaren ved å ta til med arbeid på tomta eller på annan måte. Kvar av partane har i så fall krav på å få avtala sett opp skriftleg. Så snart partane har gjort avtale, skal bortfestaren gjera det som trengst for å setje fram krav om turvande matrikkelføring. Om kostnadane med dette og med gjennomføring av avtala elles, gjeld avhendingslova § 2-6 tilsvarande, så langt ikkje noko anna fylgjer av det som er avtalt. Paragrafen her gjeld berre avtaler inngått etter 1975.

Avtaler om tomtefeste skal være skriftlige og opplyse om tomteverdi og formål. En avtale kan likevel være bindende uten skriftlighet dersom det er betalt for festet eller tomten er tatt i bruk etter en munnslig avtale.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 17 juni 2005 nr. 101 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 5 juni 2009 nr. 600).

Se ogsåAvhendingslova § 2-6

Forbod mot festehøve på utbygde eigartomter

Det kan ikkje skipast feste på utbygde eigartomter når bygningane på tomta i hovudsak skal nyttast til bustad. Dette gjeld likevel berre om avhending av tomta kan sameinast med eigarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale. Retten kan under omsyn til tilhøvet mellom partane, fordelinga av skuld og tilhøva elles lempe plikta festaren har til å betale festeavgift når det er skipa feste i strid med føresegnene i fyrste ledd. Partane kan avtale at slik avgjerd skal høyre under skjønn.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1238).

referert av 1

Avtale om lån og tilskott

Avtale om lån som vilkår for festeretten er ikkje bindande for festaren. Er lånet heilt eller delvis ytt, kan festaren krevje det attende. Det same gjeld om tilskott (innfestingssum) som vilkår for festeretten. Det kan likevel avtalast at festaren skal yte tilskott svarande til påkostnaden, dersom bortfestaren etter avtala skal opparbeide veg, leggje vatn- eller kloakkleidning eller gjere andre tiltak til nytte for festetomta, eller bortfestaren skal koste slike tiltak som er eller vert gjort av kommunen eller andre. Dette gjeld òg for tiltak som bortfestaren har gjort eller kosta i tida før avtala. Skal bortfestaren sjølv utføre arbeidet eller delar av dette, eller bortfestaren sjølv har utført det i tida før avtala, kan bortfestaren rekne inn eit rimeleg vederlag for arbeidet i tilskottet. Kongen kan i forskrift gje føresegner om fordelinga av påkostnaden der opparbeidinga eller gjennomføringa av tiltaket skjer under eitt for eit større område med fleire festetomter. Paragrafen her gjeld berre avtaler inngått etter 1975.

Avtaler om lån som vilkår for festeavtalen er ikke bindende. Det samme gjelder for tilskudd, med mindre tilskuddet dekker kostnader til vei, vann, avløp eller lignende tiltak som grunneieren har betalt eller utført.AI

referert av 1

Bruk av elektronisk kommunikasjon

Krav i eller i medhald av lova her om at melding, oppseiing, krav eller liknande skal gjerast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon mellom partane om dei er samde om det. Krav i eller i medhald av lova her om at ei avtale skal settast opp skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon dersom partane er samde om det.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 21 des 2001 nr. 117 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 21 des 2001 nr. 1475).

Kapittel II. Festetid, oppseiing, lenging

Festetid ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus

For nye festeavtaler og avtaler som er lenga etter § 33 gjeld feste av tomt til bustadhus og fritidshus til festet vert sagt opp av festaren eller tomta vert innløyst. For festeavtaler inngått etter 1975, men før lova her tek til å gjelde, er festetida 80 år, dersom det ikkje er avtalt lengre tid eller feste utan tidsavgrensing, eller avtalt at festet fell bort ved innløysing eller oppseiing frå festaren. For festeavtaler inngått før 1976 gjeld det som er fastsett i avtala om festetid.

Bestemmelsen regulerer hvor lenge en festeavtale for bolig- og fritidshus varer. For nye avtaler gjelder festet til det sies opp av festaren eller tomten løses inn. For eldre avtaler avhenger varigheten av når avtalen ble inngått og hva som er avtalt.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lov 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare).

Se ogsåTomtefestelova § 33referert av 31 forskrift

Festetid for feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus

Så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt, gjeld feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus utan tidsavgrensing og på oppseiing med like rett for partane. For festeavtaler inngått etter 1975 gjeld feste av tomt til fabrikk- eller forretningsbygg for 80 år, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Tomtefeste for andre formål enn bolig og fritidshus varer normalt uten tidsbegrensning og kan sies opp av begge parter. For fabrikk- eller forretningsbygg inngått etter 1975 er festetiden normalt 80 år, med mindre annet er avtalt.AI

Oppseiing

Ved feste på oppseiing er oppseiingsfristen to år, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Kortare oppseiingsfrist enn seks månader er ikkje bindande for festaren. Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus er kortare oppseiingsfrist enn to år ikkje bindande for festaren. Oppseiinga skal vere skriftleg.

referert av 1

Lenging av åremålsfeste til anna enn bustadhus og fritidshus

Eit åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal eller som går ut til ei fastsett tid) til anna enn bustadhus eller fritidshus som ikkje er sagt opp skriftleg seinast to år før festetida er ute, vert lengd på oppseiing med lik oppseiingsrett for partane og elles på same vilkår som før, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller må reknast å fylgje av festeføremålet. Dette gjeld òg festeavtaler der det er avtalt rett til fornying, om ikkje festaren til tid som nemnt har sagt frå skriftleg at festaren ikkje vil fornye festet eller bortfestaren skriftleg krev festevilkåra endra. Så lenge partar i eit festehøve som nemnt i fyrste ledd tingar om nye festevilkår, gjeld dei tidlegare festevilkåra jamvel etter at festetida er ute, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Hvis et feste for andre formål enn bolig eller fritidshus ikke sies opp skriftlig i tide, forlenges avtalen automatisk. Den nye avtalen fortsetter på samme vilkår som før, med mindre annet er avtalt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015, sjå endringslova del II).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Kapittel III. Festeavgift

Forbod mot urimeleg høg festeavgift

Det kan ikkje avtalast eller krevjast ei festeavgift som er urimeleg høg i høve til det som vanlegvis vert betalt på staden ved nye feste av liknande tomter på liknande avtalevilkår.

Det er forbudt å avtale eller kreve en festeavgift som er urimelig høy. Avgiften skal være i tråd med det som vanligvis betales for lignende tomter på samme sted med lignende vilkår.AI

Forskotsbetaling av festeavgift

Er ikkje anna avtalt, kan bortfestaren krevje at festeavgifta skal betalast på forskot for eitt år om gongen.

Grunneieren kan kreve at festeavgiften betales for ett år av gangen på forskudd, med mindre det er avtalt noe annet.AI

Fråskiljing av krav på festeavgift

Retten til bortfeste eller til å krevje festeavgift kan ikkje skiljast frå eigedomsretten til festetomta, utan når det gjeld krav på forfalne terminar og når det gjeld framfeste.

Retten til å kreve festeavgift følger som hovedregel eiendomsretten til tomta. Det er likevel mulig å skille krav på utestående betalinger og retten ved framfeste.AI

Endret 30. juni 2006
Endringshistorikk (2)

Panterett for og innsøkjing av festeavgift

Bortfestaren har panterett i festeretten og i byggverk på tomta for skuldig festeavgift dei tre siste åra. Er det sagt i festeavtala at bortfestaren skal ha slik panterett, gjeld tinglysingslova § 21 tredje ledd tilsvarande, slik at panteretten går føre alle rettsstiftingar i tomta som skriv seg frå festaren. Pantelova § 1-4 gjeld ikkje for slik panterett. Krav på festeavgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

Grunneieren har lovbestemt pant i festeretten og bygningene på tomten for ubetalt festeavgift for de siste tre årene. Krav på festeavgift kan brukes som grunnlag for utlegg.AI

Se ogsåTinglysingsloven § 21Panteloven § 1-4

Regulering av festeavgift

Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje at festeavgifta blir regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan festeavtala vart inngått. Har festeavgifta vorte regulert, er det den avgifta som lovleg vart innkrevd etter forrige regulering, som kan bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan det tidspunktet. Har partane tvillaust avtalt at festeavgifta skal stå uendra, eller har dei avtalt ei lågare regulering enn det som fylgjer av endringa i pengeverdien, gjeld denne avtala istaden. For andre festehøve enn tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått, om dei ikkje tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra eller dei har avtalt regulering på anna måte. Avgiftsregulering etter fyrste og andre ledd kan skje kvart tiande år, om ikkje anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje fastsetje at reguleringa skal skje oftare enn kvart år. Ved lenging av feste etter § 33 kan bortfestaren krevje at den årlege festeavgifta blir regulert ein gong slik at ho svarer til 2 prosent av tomteverdet med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det huset eller dei husa som er på tomta. Bortfestaren kan likevel ikkje krevje avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp om året for kvart dekar tomt eller til det beløpet som regulering i samsvar med pengeverdien ville gje. Høgstebeløpet er 9 000 kroner justert ved kvart årsskifte etter 1. januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette høgstebeløpet gjeld òg der tomta er mindre enn eitt dekar. Bortfestaren må setje fram kravet innan tre år etter at festetida er ute. Retten til å regulere festeavgifta etter leddet her gjeld ikkje om det er avtalt ein rett for festaren til lenging, og det fylgjer av avtala at bortfestaren ikkje har rett til regulering av festeavgifta utover det som fylgjer av endringa i pengeverdien. Partane kan krevje ny regulering av festeavgifta etter fjerde ledd når det er gått 30 år frå førre regulering etter denne føresegna. Vert partane ikkje samde om ny festeavgift, og dei ikkje har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer avgjerda under skjønn. Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av partane krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminar. Når ei festeavgift – eller høgstebeløpet – etter lov eller avtale skal bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien, skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Ved regulering sidan festeavtala vart inngått i festehøve frå før 1865, skal ein regulere festeavgifta ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865. Ved regulering etter fjerde ledd kan festeavgifta setjast høgare enn høgstebeløpet i fjerde ledd tredje til femte punktum i den grad det er naudsynt av omsyn til vernet bortfestaren har etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen fyrste tilleggsprotokoll artikkel 1. Det same gjeld ved regulering etter femte ledd.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 7 juli 2000 nr. 70 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 8 juni 2001 nr. 571), 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336), 17 juni 2005 nr. 89 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 628), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015, sjå endringslova del II).

Se ogsåTomtefestelova § 33referert av 5

Kapittel IV. Råderett

Fysisk råderett

Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus har festaren same fysiske råderett over festetomta til bruk innanfor festeføremålet som ein eigar har, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Er det avtalt at festaren ikkje kan hogge ned tre på tomta, kan festaren likevel krevje at bortfestaren i rimeleg mon tek bort tre som hindrar utsikt eller på annan måte er til ulempe, og setje seg imot hogst av tre som bør verte ståande for trivnaden si skuld. Er det ikkje sagt noko i avtala om storleiken på tomta (punktfeste), gjeld føresegnene i andre punktum for eit areal på eitt dekar (daa), medrekna der huset eller husa står og høveleg avrunda etter tilhøva på staden. Ved feste av tomt til anna enn bustadhus og fritidshus har festaren rett til å bruke tomta i samsvar med føremålet med festet, slik tida og tilhøva krev. Festaren må ikkje nytte rådveldet sitt slik at det vert uturvande til skade eller ulempe for bruken av tomta etter at festet er avvikla. Er tomta festa bort på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, gjeld fyrste ledd fyrste punktum tilsvarande.

En festetomt til bolig eller fritidshus kan i utgangspunktet brukes på samme måte som om man eide tomten selv, med mindre annet er avtalt. For andre typer tomtefeste skal arealet brukes i tråd med formålet og uten at det skader fremtidig bruk.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000 iflg. res. 28 apr 2000 nr. 366).

referert av 1

Overføring av festerett

Festaren har rett til å føre festeretten over til ein annan så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller festeføremålet. Har bortfestaren teke atterhald om forkjøpsrett ved overføring av festerett og bygning, gjeld lov av 9. desember 1994 nr. 64 om løysingsrettar §§ 8 og 9. Andre ledd gjeld tilsvarande dersom bortfestaren har teke atterhald om godkjenning ved overføring av festerett til tomt til bustadhus og fritidshus. Godkjenning til overføring av festerett kan elles berre nektast når det er sakleg grunn til det. Nektinga skal grunngjevast. Har festaren ikkje motteke skriftleg grunngjeve avslag innan to månader etter at det vart søkt om godkjenning, vert samtykke rekna som gjeve. Er det ikkje naudsynt med bortfestarens godkjenning for overføring av festeretten etter tredje ledd fyrste punktum, jf. andre ledd, skal festaren likevel varsle bortfestaren om kven festeretten er overført til. Inntil slikt varsel er gjeve, kan bortfestaren krevje den forrige festaren for festeavgift sjølv om festeavgifta gjeld for tida etter overføringa. Føresegnene i denne paragrafen gjeld tilsvarande ved tvangssal. Tingretten set frist for bortfestaren til å kome med fråsegn, og avgjer om den nye festaren skal godkjennast.

Den som fester en tomt kan i utgangspunktet overføre festeretten til andre. Det er begrensninger dersom avtalen sier noe annet, eller om grunneieren krever godkjenning. Et avslag på godkjenning må være saklig og begrunnes skriftlig.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938).

Se ogsåLov om løysingsrettar § 8Tomtefestelova § 9

Pantsetjing av festerett

Festaren har rett til å pantsetje festeretten og dei byggverk festaren har eller får på tomta, så langt ikkje anna fylgjer av lovbod eller avtale om avgrensing i retten til overføring. Pantsetjinga må gjelde både festeretten og noverande og framtidige byggverk. Avtale om avgrensing i retten til overføring av festeretten så lenge tomta står ubygd hindrar ikkje pantsetjing for byggelån eller tvangssal for slikt pant. Vert festaren eigar av tomta, går tinglyst panterett i festet over til å gjelde panterett i tomta (grunnen) frå den tid då festaren får tinglyst eigarheimel, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Festaren kan bruke festeretten og bygg på tomta som sikkerhet for lån (pantsetje). Dersom festaren kjøper tomta, vil panteretten normalt gå over til å gjelde sjølve tomta.AI

referert av 2

Stifting og omskiping av råderettar

Festaren kan stifte slike særlege råderettar for andre over tomta som med omsyn til bruksmåte, omfang og tidsavgrensing ligg innanfor den råderetten festaren sjølv har, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Festaren og bortfestaren kan krevje omskiping av særlege råderettar som bortfestaren eller andre har i festetomta etter føresegnene i lov av 29. november 1968 om særlege råderettar over framand eigedom §§ 5 og 6, jf § 8. Festaren kan krevje avskiping av slike rettar etter føresegnene i same lova § 7, jf § 8. For avgjerda om omskiping eller avskiping gjeld §§ 18 og 19 i same lova tilsvarande.

En festetomt kan gis særskilte bruksrettigheter til andre, så lenge disse ikke overstiger festehververens egne rettigheter eller bryter med avtalen. Det er også mulig å kreve endring eller fjerning av eksisterende bruksrettigheter over tomta.AI

Se ogsåServituttlova § 5Servituttlova § 8Tomtefestelova § 7Tomtefestelova § 18

Kapittel V. Mishald og mishaldsverknader

Betaling av festeavgift ved forseinka oppfylling frå bortfestaren

Får ikkje festaren råderett over tomta til avtalt tid, og dette ikkje skuldast tilhøve som festaren svarar for, pliktar ikkje festaren å betale festeavgift før frå det tidspunktet festaren får den råderetten han eller ho skal ha etter lov og avtale. Gjeld forseinkinga berre ein del av tomta, har festaren krav på høvesvis avslag i festeavgifta for den tida forseinkinga varer. Festaren pliktar likevel ikkje å betale festeavgift dersom festaren ikkje kan utnytte den delen festaren har fått råderett over til festeføremålet.

Hvis grunneieren ikke gir tilgang til tomten til avtalt tid, trenger ikke festeren å betale festeavgift. Ved delvis forsinkelse kan det gis avslag i avgiften, eller betalingen kan falle helt bort dersom tomten ikke kan brukes til formålet.AI

referert av 1

Hevingsrett for festaren ved forseinka oppfylling frå bortfestaren

Ved vesentleg forseinka oppfylling frå bortfestaren kan festaren heve festeavtala.

Festaren kan avslutte festeavtalen dersom grunneieren er vesentlig forsinket med å oppfylle sine plikter.AI

Skadebot ved forseinka oppfylling frå bortfestaren

Festaren kan krevje skadebot for tap som fylgje av forseinking, med mindre bortfestaren godtgjer at forseinkinga ikkje skuldast feil eller forsøming frå bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for.

Den som har leid tomten bort, kan bli erstatningsansvarlig hvis vedkommende er forsinket med å oppfylle avtalen. Dette gjelder med mindre forsinkelsen ikke skyldes feil eller forsømmelse fra grunneierens side.AI

Manglar ved tomta

Det ligg føre mangel ved tomta dersom tomta ikkje har dei eigenskapane som festaren har grunn til å rekne med ut frå festeavtala, opplysningar gjevne av bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for og tilhøva elles. Festaren kan likevel ikkje gjere gjeldande som mangel noko festaren burde ha oppdaga ved ei vanleg undersøkjing. At tomta er mindre enn festaren rekna med, er ikkje nokon mangel utan når arealet er vesentleg mindre enn opplyst av bortfestaren eller bortfestaren har bore seg særs klanderverdig åt.

Det er en mangel ved tomten dersom den ikke har egenskapene som festaren kunne forvente ut fra avtalen, opplysninger fra utleier eller andre forhold. Det er ikke en mangel hvis feilen kunne vært oppdaget ved en vanlig undersøkelse.AI

Krav på retting av manglar

Festaren kan krevje at bortfestaren rettar manglar ved tomta innan rimeleg tid etter at krav om retting er sett fram, dersom mangelen kan rettast utan urimeleg kostnad eller ulempe for bortfestaren. Bortfestaren kan på si side krevje å få rette manglar som festaren har gjort gjeldande, når retting ikkje vil vere til vesentleg ulempe for festaren og vert utførd innan rimeleg tid. Når det ligg føre rettingsplikt etter fyrste punktum i fyrste ledd utan at bortfestaren oppfyller plikta, kan festaren krevje skadebot for kostnader han eller ho har hatt med å få mangelen retta.

Leietakeren av tomten kan kreve at eieren utbedrer mangler dersom det kan gjøres uten urimelige kostnader eller ulemper. Dersom eieren ikke gjør dette, kan leietakeren kreve erstatning for utgiftene til utbedringen.AI

referert av 1

Avslag i festeavgifta ved manglar

Festaren kan krevje eit høvesvis avslag i festeavgifta tilsvarande verdiminken som mangelen fører til for festaren.

Festaren kan krevje at festeavgifta blir sett ned dersom det er manglar som fører til at verdien for festaren minkar.AI

referert av 1

Heving ved manglar

Ved vesentleg mangel kan festaren heve festeavtala. Er tomta blitt forringa etter at festaren fekk råderetten, er det eit vilkår for heving at forringinga anten skuldast tilhøve som festaren ikkje har vågnaden for eller at festaren yter vederlag for verdiminken. Festaren tapar retten til å heve dersom festaren ikkje gjev bortfestaren melding om heving innan rimeleg tid etter at festaren vart kjent med eller burde vorte kjent med mangelen.

En festeavtale kan heves dersom det foreligger en vesentlig mangel. Hvis tomten har blitt dårligere etter at festehaveren tok over, må dette skyldes forhold utenfor festehaverens kontroll, eller at det betales erstatning for verditapet.AI

referert av 1

Skadebot ved manglar

Festaren kan krevje skadebot for tap festaren får på grunn av manglar ved tomta, med mindre bortfestaren godtgjer at mangelen ikkje skuldast feil eller forsøming frå bortfestaren eller nokon bortfestaren svarar for.

Leietaker av en tomt kan kreve erstatning for økonomisk tap som følge av mangler ved tomten. Dette gjelder med mindre utleieren kan bevise at mangelen ikke skyldes feil eller forsømmelse fra utleieren eller deres representanter.AI

referert av 1

Rettsmangel

Dersom festaren på grunn av rettsmanglar hjå bortfestaren ikkje får den råderetten over tomta som festaren etter lov og avtala skal ha, gjeld føresegnene i §§ 20, 24, 25, 26 og 27 tilsvarande. Festaren kan alltid krevje skadebot for tap som skuldast rettsmanglar som var der på avtaletida og som festaren ikkje kjende til eller burde ha kjent til.

Hvis grunneieren har mangler ved rettighetene sine som gjør at festaren ikke får bruke tomten slik avtalen og loven sier, kan visse regler om mislighold brukes. Festaren kan også kreve erstatning for tap dersom manglene var til stede ved avtaleinngåelsen og var ukjente.AI

Se ogsåTomtefestelova § 20Tomtefestelova § 24Tomtefestelova § 25Tomtefestelova § 26

Anna mishald frå bortfestaren

Ved anna mishald frå bortfestaren, gjeld føresegnene om manglar tilsvarande, så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Hvis grunneieren gjør noe som regnes som mislighold, gjelder de samme reglene som ved mangler, med mindre noe annet er avtalt.AI

Mishald frå festaren

Ved vesentleg mishald frå festaren kan bortfestaren heve festeavtala, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Det kan ikkje avtalast at bortfestaren skal kunne heve utan at mishaldet er vesentleg. Etter at festaren har bygd hus på tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, kan bortfestaren ikkje heve på grunn av at festaren forsømer å betale festeavgifta i rett tid. Det same gjeld i andre festehøve når tomta er festa bort for 99 år eller meir eller på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren. Tap og kostnader som skuldast mishald frå festaren kan bortfestaren berre krevje skadebot for når festaren har vore aktlaus.

Grunneieren kan heve festeavtalen ved vesentlig mislighold, med mindre annet er avtalt. Det er imidlertid ikke lov å avtale at heving skal kunne skje uten at misligholdet er vesentlig. For bolighus og fritidshus kan ikke avtalen heves kun på grunn av forsinket betaling av festeavgiften.AI

Reklamasjonsfrist

Når nokon av partane i ei festeavtale vil setje fram krav etter føresegnene i dette kapitlet, må det gjerast innan rimeleg tid etter at parten fekk grunn til å gjere mishaldet gjeldande. Det kan likevel ikkje gjerast gjeldande at det er reklamert for seint dersom den som har mishalde avtala har vore grovt aktlaus, uærleg eller for øvrig handla i strid med god tru.

Hvis en part i en festeavtale vil fremme et krav på grunn av mislighold, må dette skje innen rimelig tid etter at man ble klar over forholdet. Kravet kan likevel fremsettes senere dersom den som misligholdt avtalen har vært grovt uaktsom, uærlig eller handlet i strid med god tro.AI

Kapittel VI. Innløysing og lenging

Rett til innløysing av festetomt til bustadhus og fritidshus

Festaren kan krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus eller fritidshus når det er gått 30 år av festetida – om ikkje kortare tid er avtalt – eller når festetida er ute. Etter at det er gått 30 år av festetida, kan festaren også krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus kvar gong det er gått to nye år, og ei festetomt til fritidshus kvar gong det er gått ti nye år. Når festetida er ute for ei slik tomt som er festa bort for festaren si livstid, kan desse krevje innløysing: a) festarens ektemake, b) livsarving til festaren, c) fosterbarn som står i same stilling som livsarving, d) nokon som dei siste to åra har høyrt til same husstand som festaren. Til innløysing av festetomter med hus som skjer etter paragrafen her eller med heimel i festeavtala, trengst det ikkje samtykke frå offentleg styresmakt dersom samtykke til bortfeste vart gjeve på bortfestingstida, eller ikkje trongst etter reglane på den tida.

Festaren kan krevje å kjøpe ut tomta dersom det er gått 30 år av festetida, eller når festetida er ute. Det er særskilte regler for kor ofte ein kan krevje dette for bustadhus og fritidshus. Enkelte nærståande kan også krevje innløysing når festetida er ute.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727).

referert av 51 forskrift

Lenging av festetomt til bustadhus og fritidshus

Når festetida er ute for festetomt til bustadhus eller fritidshus, og tomta ikkje blir innløyst etter § 32, lauper festet vidare på same vilkår som før, likevel slik at bortfestaren kan krevje regulering etter § 15 fjerde ledd. For feste som er lenga etter fyrste punktum, gjeld § 7 fyrste ledd om festetid.

Hvis leieavtalen for en tomt med bolig eller fritidshus utløper uten at tomten blir kjøpt ut, fortsetter leieforholdet på samme vilkår som før. Eieren av tomten kan likevel kreve at leien reguleres.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000 iflg. res. 28 apr 2000 nr. 366), 1 juni 2001 nr. 28 (ikr. 1 juli 2001 iflg. res. 1 juni 2001 nr. 560), 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015, sjå endringslova del II).

Se ogsåTomtefestelova § 32Tomtefestelova § 15 første leddTomtefestelova § 7omtalt i 1 kildereferert av 51 forskrift

Unntak frå festarens rett til innløysing

Retten til innløysing gjeld berre så langt denne kan sameinast med bortfestarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale. Ein tredjeperson med rett til bortfestareigedomen kan ikkje setje seg i mot at tomta seinare vert innløyst, dersom han eller ho må reknast å ha gjeve samtykke til bortfestinga utan atterhald mot innløysing. Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging etter § 33. Det same gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark. Kongen kan fastsetje i forskrift at det same som i andre leddet skal gjelde så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til ein landbrukseigedom og inntekta frå festearealet som høyrer til bruket, tilseier at innløysing ikkje finn stad. Unntaka i paragrafen her gjeld berre så langt innløysingsretten følgjer av § 32.

Reglene begrenser i visse tilfeller retten til å kjøpe ut festetomta. I noen tilfeller kan eieren i stedet tilby å forlenge leieavtalen, spesielt når det gjelder allmenninger eller landbrukseiendommer.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).

Se ogsåTomtefestelova § 33Tomtefestelova § 32omtalt i 1 kildereferert av 12 forskrifter

Avgrensing i festarens plikt til innløysing

Avtale om at bortfestaren kan krevje at festaren innløyser tomt som er festa bort til bustadhus og fritidshus før festetida er ute, er ikkje bindande for festaren. Ei slik føresegn i ei avtale inngått før 1976 gjeld likevel dersom det etter tilhøva ville vere urimeleg andsynes bortfestaren ikkje å kunne krevje innløysing.

Det er i utgangspunktet ikke lov å avtale at grunneieren kan kreve at festaren kjøper ut tomten før leietiden er utløpt. Slike avtaler fra før 1976 kan likevel være gyldige dersom det ville være urimelig at grunneieren ikke kan kreve utløsning.AI

Framsetjing av krav om innløysing

Krav på innløysing etter § 32 må festaren setje fram skriftleg seinast eitt år før innløysingstida er inne. I dei høve som er nemnde i § 32 andre ledd, er fristen eitt år etter at festaren døydde. Er kravet sett fram seinare, kan Kongen gje oppfrisking om oversitjinga er orsakande. Når innløysingsvilkåra vert fastsett ved skjønn etter § 37 andre ledd, høyrer også spørsmål om oppfrisking under skjønnet. Retten til innløysing når festetida er ute, fell ikkje bort utan når bortfestaren seinast to år før festetida er ute, har sendt skriftleg oppseiing til festaren med varsel om kva tidspunkt festetida går ut, om retten til innløysing og om fristen for å krevje det. Dette gjeld ikkje når festetida går ut for tomt festa bort for festaren si livstid.

Festaren kan kreve å få kjøpe tomten skriftlig innen bestemte frister. Hvis fristen er utgått, kan det i noen tilfeller gis utsettelse. Retten til å kjøpe tomten når festetiden er ute, bortfaller kun hvis grunneieren har sendt et skriftlig varsel i tide.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane i første og andre ledd skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Regelen i tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1 jan 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra ved lov 26 jan 2007 nr. 3, 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).

Se ogsåTomtefestelova § 32Tomtefestelova § 37omtalt i 1 kildereferert av 22 forskrifter

Innløysingsvilkår

Ved innløysing av tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, skal innløysingssummen vere 25 gonger årleg festeavgift etter regulering på innløysingstida, om ikkje ein mindre innløysingssum er avtalt. Ved innløysing der innløysingstida er inne ti år eller kortare før avtala kunne ha vorte lengd etter § 33, kan bortfestaren krevje regulering av festeavgifta etter § 15 fjerde ledd på innløysingstida. Om ikkje anna er avtalt, kan bortfestaren likevel krevje at innløysingssummen for andre tomter enn dei som er festa bort på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, skal vere 40 prosent av tomteverdet på innløysingstida med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre er tillate å setje opp det eller dei husa som er på tomta. Med mindre partane er samde om innløysingsvilkåra, eller har avtalt vilkåra fastsette på annan måte, høyrer krav om innløysing under skjønn, som avgjer retten til innløysing, fastset innløysingssummen, innløysingsvilkåra elles og avgjer spørsmål som gjeld gjennomføringa av innløysinga. Kongen kan gje forskrift om kva som skal fylgje med ved innløysing og på kva måte innløysingsrett kan gjerast gjeldande a) i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ein samla plan, og b) ved punktfeste (§ 16 fyrste ledd tredje punktum).

Reglene bestemmer hvordan prisen skal beregnes når man løser inn en festetomt til bolig eller fritidshus. Prisen kan baseres på enten en multiplum av festeavgiften eller en prosentandel av tomteverdien. Hvis partene ikke blir enige, avgjøres saken ved skjønn.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (4)
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), endra med lover 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2009 nr. 76 (ikr. 1 okt 2009 iflg. res. 4 sep 2009 nr. 1152), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015, sjå endringslova del II).

Se ogsåTomtefestelova § 33Tomtefestelova § 15 første leddTomtefestelova § 16omtalt i 1 kildereferert av 73 forskrifter

Gjennomføring av innløysing

Når innløysingssummen og innløysingsvilkåra elles er endeleg fastsette, kan festaren krevje at bortfestaren gjer det som trengst frå bortfestarens side for å få tomta skild ut frå bortfestareigedomen og heimelen overførd til festaren. Festaren ber alle kostnader som frådeling og heimelsoverføring fører med seg, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Seinast fire veker etter at innløysingssummen er endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd, kan festaren seie frå seg kravet om innløysing. Festaren må då dekkje bortfestaren sine naudsynte kostnader som følgje av kravet, medrekna ilagte sakskostnader til festaren. Kvar av partane kan be avgjerdsinstansen ved orskurd å fastsetje beløpet som festaren skal betale. Skjønnets eller rettens leiar eller ein annan dommar kan seie orskurden åleine.

Når summen for innløsning av tomten er fastsatt, kan fester kreve at grunneieren gjør det som er nødvendig for å overføre eiendommen. Fester betaler normalt kostnadene ved dette. Det er mulig å trekke kravet om innløsning innen fire uker etter at summen er fastsatt.AI

Endret 30. juni 2006
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336, tidlegare § 37), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727).

referert av 11 forskrift

Kapittel VII. Avvikling

Borttakingsrett og ryddingsplikt

Når eit tomtefeste skal avviklast, har festaren rett og plikt til å ta bort hus og andre faste tilskipingar som festaren har på tomta. Bortfestaren kan likevel krevje at det førebels vert ståande til trygd for krav som bortfestaren meiner å ha. I så fall må bortfestaren innan rimeleg tid ta steg til å få kravet rettsleg avgjort. Festaren pliktar å ta bort lausøyre, rydde opp etter seg på tomta og å gjennomføre naudsynte tiltak for å sikre mot skade eller fåre for skade. Det som festaren ikkje tek bort innan rimeleg tid etter at festaren har fått skriftleg oppmoding om det, tilfell bortfestaren utan vederlag. Føresegnene i denne paragrafen gjeld berre så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Når en tomtefesteavtale avsluttes, har og må den som leier grunnen fjerne hus og andre faste installasjoner. Vedkommende må også fjerne løsøre og rydde tomten. Ting som ikke fjernes etter skriftlig oppfordring, tilfaller grunneieren uten betaling.AI

referert av 1

Rett og plikt til overtaking av hus og faste tilskipingar

Dersom borttaking etter § 39 vil føre til at verdiar går til spille i utrengsmål, kan både festaren og bortfestaren få rett til å krevje at bortfestaren tek over hus og faste tilskipingar mot vederlag. Bortfestaren kan likevel ikkje påleggjast slik overtaking dersom festaren kan krevje tomta innløyst, eller dersom bortfestaren tilbyr festaren å løyse inn tomta mot vederlag fastsett etter føresegnene i § 37. Føresetnaden er at korkje rettsgrunnlaget til bortfestaren, avtala eller andre tilhøve er til hinder for innløysing. Tvist om rett og plikt til overtaking etter fyrste ledd høyrer under skjønn, om partane ikkje har avtalt eller vert samde om ein annan avgjerdsmåte.

Hvis det er unødvendig at hus og faste installasjoner fjernes, kan det kreves at grunneieren overtar disse mot betaling. Dette gjelder ikke dersom tomten kan løses inn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336).

Se ogsåTomtefestelova § 39Tomtefestelova § 37referert av 1

Vederlaget ved overtaking

Når bortfestaren krev overtaking, skal vederlaget setjast til det det ville koste å føre opp tilsvarande hus og tilskipingar på tomta på overtakingstida, med frådrag for verdmink på grunn av alder og bruk i festetida. Når festaren krev overtaking, skal vederlaget setjast til det verdet husa og tilskipingane har for bortfestaren. Er årsaka til avviklinga mishald frå festaren eller ei oppseiing frå festaren som ikkje har samanheng med meir tyngjande festevilkår, kan vederlaget setjast lågare. Festaren kan krevje ei rimeleg godtgjersle for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller med tilskott til tiltak som er gjort av bortfestaren eller andre. Fastsetjing av vederlag etter denne paragrafen høyrer under skjønn, om partane ikkje har avtalt eller vert samde om ein annan avgjerdsmåte. Den parten som har kravd overtaking, kan gå frå kravet så framt han eller ho seier frå om det innan fire veker etter at vederlaget er endeleg fastsett.

Reglene bestemmer hvordan erstatningen skal beregnes når en tomt skal leveres tilbake. Beløpet avhenger av hvem som krever overtakelse, og om det har skjedd kontraktsbrudd. Festaren kan i noen tilfeller få godtgjørelse for verdiøkning på tomta.AI

referert av 1

Kapittel VIII. Framfeste

Framfeste

Med framfeste er i lova her meint festehøve der bortfestaren berre har leigerett til tomta. I nye festeavtaler må både grunneigaren og den som har leigerett til grunnen vere partar på bortfestarsida, dersom det skal festast bort tomt til bustadhus eller fritidshus. Tomter til andre føremål kan festast bort av den som har leigerett til grunnen, så langt det er i samsvar med rettsgrunnlaget til leigaren. I festeavtaler inngått etter 1975, men før lova her tek til å gjelde, kan festaren ved framfeste gjere føresegnene om minste festetid gjeldande i høve til grunneigaren utan omsyn til om leigetida er ute etter leigeavtala mellom frambortfestaren og grunneigaren. Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus gjeld reglane om innløysing og lenging i kapittel VI også i høvet mellom festaren og grunneigaren. Så langt ikkje anna fylgjer av avtale, gjeld føresegnene i §§ 40 og 41 tilsvarande mellom festaren og grunneigaren utan omsyn til når festeavtala er inngått, likevel slik at krav om at grunneigaren skal ta over hus og faste tilskipingar berre kan setjast fram når leigaren ikkje sjølv ynskjer å ta over hus og faste tilskipingar og heller ikkje har rimeleg grunn til å setje seg imot at grunneigaren får ta over.

Framfeste er når en person som leier en tomt, fester den bort til noen andre. Ved bolig- eller fritidshus må grunneieren være med som part i nye avtaler. Visse regler om innløsning og lenging av festetiden gjelder også i forholdet mellom festaren og grunneieren.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).

Se ogsåTomtefestelova § 40Tomtefestelova § 41omtalt i 1 kildereferert av 1

Kapittel IX. Skjønn

Skjønn

Skjønn etter lova her blir haldne som skjønn styrt av tingretten. Ved skjønn etter §§ 5 a, 15 og 37 skal talet på skjønnsmedlemer alltid vere to, både ved skjønn og overskjønn. Om dekking av sakskostnader gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 43. Ved skjønn etter § 37 kan saka bli delt slik at det blir forhandla og fastsett særskilt om festaren har rett til innløysing eller om kva innløysingssummen er, slik at skjønnet elles blir utsett.

Bestemmelsen fastslår at skjønn etter denne loven styres av tingretten. Den regulerer hvor mange medlemmer som skal delta i visse typer skjønn og hvordan kostnader dekkes. I noen tilfeller kan saken deles opp for å avgjøre om det er rett til innløsning før selve summen fastsettes.AI

Endret 30. juni 2006
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1 nov 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskr. 15 okt 2004 nr. 1338 overgangsreglar ved ikraftsetjing av endringslova), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727), 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1238), 11 mai 2017 nr. 26 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 11 mai 2017 nr. 563).

Se ogsåTomtefestelova § 15 første leddTomtefestelova § 37Skjønnsprosessloven § 43Tomtefestelova § 5 aomtalt i 2 kilderreferert av 1

Kapittel X. Ikraftsetjing m.m.

Ikraftsetjing. Overgangsføresegner

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. § 10 fyrste ledd gjeld berre for åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal eller som går ut til ei fastsett tid) som går ut tidlegast tre år etter at lova her tek til å gjelde. For festeavtaler inngått før 1976 gjeld føresegnene i kapittel VI der festetida går ut to år eller meir etter at lova har teke til å gjelde. For krav om innløysing i festehøve der festetida går ut tidlegare, gjeld lov av 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste § 33 så framt søknad om innløysing er sett fram seinast to år etter at lova her har teke til å gjelde.

Loven gjelder fra den tiden kongen bestemmer. Det er egne regler for når bestemmelser om åremålsfeste og innløsning av festeavtaler inngått før 1976 skal brukes.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 jan 2002 iflg. res. 8 juni 2001 nr. 571 .

Se ogsåTomtefestelova § 10referert av 2

Oppheving av og endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, vert lov av 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste oppheva, med dei unnatak som fylgjer av § 44 tredje ledd. Frå same tida skal fylgjande føresegner i andre lover endrast slik: – – –

Denne bestemmelsen fastslår at den gamle tomtefesteloven fra 1975 opphører å gjelde når den nye loven trer i kraft. Noen unntak gjelder, og enkelte regler i andre lover blir endret.AI

Se ogsåTomtefestelova § 44

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva gjelder denne loven for?

Loven gjelder når man leier grunn for å ha et hus på tomten. Den omfatter også rettigheter til vei, parkeringsplass og hage som hører til huset.

Åpne § 1
Gjelder denne loven for avtaler som ble inngått før loven kom?

Loven gjelder for både gamle og nye festeavtaler, med mindre annet er bestemt. Regler som kun gjelder for nye avtaler, kan også gjelde for eldre avtaler dersom disse har blitt forlenget etter bestemte tidspunkter.

Åpne § 2
Gjelder loven på Svalbard?

Loven gjelder som hovedregel ikke for Svalbard, Jan Mayen, Bouvet-øya, Peter Is øy og Dronning Maud Land. Den gjelder der kun dersom Kongen har bestemt det gjennom en forskrift.

Åpne § 3
Kan man avtale seg bort fra reglene i denne loven?

Loven går foran private avtaler. Det er ikke lov å avtale vilkår som bryter med reglene i denne loven, med mindre loven selv åpner for det.

Åpne § 4
Må en festeavtale være skriftlig?

Avtaler om tomtefeste skal være skriftlige og opplyse om tomteverdi og formål. En avtale kan likevel være bindende uten skriftlighet dersom det er betalt for festet eller tomten er tatt i bruk etter en munnslig avtale.

Åpne § 5
Er jeg pliktig til å betale tilbake lån som var et vilkår for festeavtalen?

Avtaler om lån som vilkår for festeavtalen er ikke bindende. Det samme gjelder for tilskudd, med mindre tilskuddet dekker kostnader til vei, vann, avløp eller lignende tiltak som grunneieren har betalt eller utført.

Åpne § 6
Hvor lenge varer en ny festeavtale for et hus?

Bestemmelsen regulerer hvor lenge en festeavtale for bolig- og fritidshus varer. For nye avtaler gjelder festet til det sies opp av festaren eller tomten løses inn. For eldre avtaler avhenger varigheten av når avtalen ble inngått og hva som er avtalt.

Åpne § 7
Hvor lenge varer en festeavtale for andre formål enn bolig og hytte?

Tomtefeste for andre formål enn bolig og fritidshus varer normalt uten tidsbegrensning og kan sies opp av begge parter. For fabrikk- eller forretningsbygg inngått etter 1975 er festetiden normalt 80 år, med mindre annet er avtalt.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2015

  2. 2009

  3. 2006

  4. 2004

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

5 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Tomtefestelova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.