Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 36. Framsetjing av krav om innløysing

Tomtefestelova·Kapittel VI. Innløysing og lenging·Sist endret 1. juli 2015

Framsetjing av krav om innløysing

Krav på innløysing etter § 32 må festaren setje fram skriftleg seinast eitt år før innløysingstida er inne. I dei høve som er nemnde i § 32 andre ledd, er fristen eitt år etter at festaren døydde. Er kravet sett fram seinare, kan Kongen gje oppfrisking om oversitjinga er orsakande. Når innløysingsvilkåra vert fastsett ved skjønn etter § 37 andre ledd, høyrer også spørsmål om oppfrisking under skjønnet. Retten til innløysing når festetida er ute, fell ikkje bort utan når bortfestaren seinast to år før festetida er ute, har sendt skriftleg oppseiing til festaren med varsel om kva tidspunkt festetida går ut, om retten til innløysing og om fristen for å krevje det. Dette gjeld ikkje når festetida går ut for tomt festa bort for festaren si livstid.

Festaren kan kreve å få kjøpe tomten skriftlig innen bestemte frister. Hvis fristen er utgått, kan det i noen tilfeller gis utsettelse. Retten til å kjøpe tomten når festetiden er ute, bortfaller kun hvis grunneieren har sendt et skriftlig varsel i tide.AI

Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane i første og andre ledd skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Regelen i tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1 jan 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra ved lov 26 jan 2007 nr. 3, 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).

Se ogsåTomtefestelova § 32Tomtefestelova § 37omtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også2
Referert av2
Nevnt i1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 36 i tomtefestelova.

Les hele loven i sammenheng →