Lov
Nynorsk
§ 32. Rett til innløysing av festetomt til bustadhus og fritidshus
Rett til innløysing av festetomt til bustadhus og fritidshus
Festaren kan krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus eller fritidshus når det er gått 30 år av festetida – om ikkje kortare tid er avtalt – eller når festetida er ute. Etter at det er gått 30 år av festetida, kan festaren også krevje å få innløyse ei festetomt til bustadhus kvar gong det er gått to nye år, og ei festetomt til fritidshus kvar gong det er gått ti nye år.
Når festetida er ute for ei slik tomt som er festa bort for festaren si livstid, kan desse krevje innløysing:
a) festarens ektemake,
b) livsarving til festaren,
c) fosterbarn som står i same stilling som livsarving,
d) nokon som dei siste to åra har høyrt til same husstand som festaren.
Til innløysing av festetomter med hus som skjer etter paragrafen her eller med heimel i festeavtala, trengst det ikkje samtykke frå offentleg styresmakt dersom samtykke til bortfeste vart gjeve på bortfestingstida, eller ikkje trongst etter reglane på den tida.
Festaren kan krevje å kjøpe ut tomta dersom det er gått 30 år av festetida, eller når festetida er ute. Det er særskilte regler for kor ofte ein kan krevje dette for bustadhus og fritidshus. Enkelte nærståande kan også krevje innløysing når festetida er ute.AI
Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (3)
- 19. juni 2015Endringslov til tomtefesteloven
- 30. juni 2006Endringslov til tomtefestelova
- 2. juli 2004Endringslov til tomtefesteloven
Noter (1)
- EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av5
Endringshistorikk3
Koblinger for § 32 i tomtefestelova.