Lov
Nynorsk
§ 34. Unntak frå festarens rett til innløysing
Unntak frå festarens rett til innløysing
Retten til innløysing gjeld berre så langt denne kan sameinast med bortfestarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale. Ein tredjeperson med rett til bortfestareigedomen kan ikkje setje seg i mot at tomta seinare vert innløyst, dersom han eller ho må reknast å ha gjeve samtykke til bortfestinga utan atterhald mot innløysing.
Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging etter § 33. Det same gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark.
Kongen kan fastsetje i forskrift at det same som i andre leddet skal gjelde så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til ein landbrukseigedom og inntekta frå festearealet som høyrer til bruket, tilseier at innløysing ikkje finn stad.
Unntaka i paragrafen her gjeld berre så langt innløysingsretten følgjer av § 32.
Reglene begrenser i visse tilfeller retten til å kjøpe ut festetomta. I noen tilfeller kan eieren i stedet tilby å forlenge leieavtalen, spesielt når det gjelder allmenninger eller landbrukseiendommer.AI
Endret 19. juni 2015 · i kraft 1. juli 2015
Endringshistorikk (3)
- 19. juni 2015Endringslov til tomtefesteloven
- 30. juni 2006Endringslov til tomtefestelova
- 2. juli 2004Endringslov til tomtefesteloven
Noter (1)
- EndringEndra med lover 2 juli 2004 nr. 63 (ikr. 1 nov 2004 iflg. res. 15 okt 2004 nr. 1336. Endringane skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1 jan 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døyr 1 nov 2004 eller seinare), 30 juni 2006 nr. 52 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 30 juni 2006 nr. 727), 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015).
Se ogsåTomtefestelova § 33Tomtefestelova § 32omtalt i 1 kilde →referert av 1 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Endringshistorikk3
Koblinger for § 34 i tomtefestelova.