Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 10. Lenging av åremålsfeste til anna enn bustadhus og fritidshus

Tomtefestelova·Kapittel II. Festetid, oppseiing, lenging·Sist endret 1. juli 2015

Lenging av åremålsfeste til anna enn bustadhus og fritidshus

Eit åremålsfeste (feste som er skipa for eit visst åretal eller som går ut til ei fastsett tid) til anna enn bustadhus eller fritidshus som ikkje er sagt opp skriftleg seinast to år før festetida er ute, vert lengd på oppseiing med lik oppseiingsrett for partane og elles på same vilkår som før, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt eller må reknast å fylgje av festeføremålet. Dette gjeld òg festeavtaler der det er avtalt rett til fornying, om ikkje festaren til tid som nemnt har sagt frå skriftleg at festaren ikkje vil fornye festet eller bortfestaren skriftleg krev festevilkåra endra. Så lenge partar i eit festehøve som nemnt i fyrste ledd tingar om nye festevilkår, gjeld dei tidlegare festevilkåra jamvel etter at festetida er ute, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Hvis et feste for andre formål enn bolig eller fritidshus ikke sies opp skriftlig i tide, forlenges avtalen automatisk. Den nye avtalen fortsetter på samme vilkår som før, med mindre annet er avtalt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 63 (ikr. 1 juli 2015, sjå endringslova del II).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 10 i tomtefestelova.

Les hele loven i sammenheng →