Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 18. Pantsetjing av festerett

Tomtefestelova·Kapittel IV. Råderett

Pantsetjing av festerett

Festaren har rett til å pantsetje festeretten og dei byggverk festaren har eller får på tomta, så langt ikkje anna fylgjer av lovbod eller avtale om avgrensing i retten til overføring. Pantsetjinga må gjelde både festeretten og noverande og framtidige byggverk. Avtale om avgrensing i retten til overføring av festeretten så lenge tomta står ubygd hindrar ikkje pantsetjing for byggelån eller tvangssal for slikt pant. Vert festaren eigar av tomta, går tinglyst panterett i festet over til å gjelde panterett i tomta (grunnen) frå den tid då festaren får tinglyst eigarheimel, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Festaren kan bruke festeretten og bygg på tomta som sikkerhet for lån (pantsetje). Dersom festaren kjøper tomta, vil panteretten normalt gå over til å gjelde sjølve tomta.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 18 i tomtefestelova.

Les hele loven i sammenheng →