Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 41. Vederlaget ved overtaking

Tomtefestelova·Kapittel VII. Avvikling

Vederlaget ved overtaking

Når bortfestaren krev overtaking, skal vederlaget setjast til det det ville koste å føre opp tilsvarande hus og tilskipingar på tomta på overtakingstida, med frådrag for verdmink på grunn av alder og bruk i festetida. Når festaren krev overtaking, skal vederlaget setjast til det verdet husa og tilskipingane har for bortfestaren. Er årsaka til avviklinga mishald frå festaren eller ei oppseiing frå festaren som ikkje har samanheng med meir tyngjande festevilkår, kan vederlaget setjast lågare. Festaren kan krevje ei rimeleg godtgjersle for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller med tilskott til tiltak som er gjort av bortfestaren eller andre. Fastsetjing av vederlag etter denne paragrafen høyrer under skjønn, om partane ikkje har avtalt eller vert samde om ein annan avgjerdsmåte. Den parten som har kravd overtaking, kan gå frå kravet så framt han eller ho seier frå om det innan fire veker etter at vederlaget er endeleg fastsett.

Reglene bestemmer hvordan erstatningen skal beregnes når en tomt skal leveres tilbake. Beløpet avhenger av hvem som krever overtakelse, og om det har skjedd kontraktsbrudd. Festaren kan i noen tilfeller få godtgjørelse for verdiøkning på tomta.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 41 i tomtefestelova.

Les hele loven i sammenheng →