Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 39. Borttakingsrett og ryddingsplikt

Tomtefestelova·Kapittel VII. Avvikling

Borttakingsrett og ryddingsplikt

Når eit tomtefeste skal avviklast, har festaren rett og plikt til å ta bort hus og andre faste tilskipingar som festaren har på tomta. Bortfestaren kan likevel krevje at det førebels vert ståande til trygd for krav som bortfestaren meiner å ha. I så fall må bortfestaren innan rimeleg tid ta steg til å få kravet rettsleg avgjort. Festaren pliktar å ta bort lausøyre, rydde opp etter seg på tomta og å gjennomføre naudsynte tiltak for å sikre mot skade eller fåre for skade. Det som festaren ikkje tek bort innan rimeleg tid etter at festaren har fått skriftleg oppmoding om det, tilfell bortfestaren utan vederlag. Føresegnene i denne paragrafen gjeld berre så langt ikkje anna fylgjer av det som er avtalt.

Når en tomtefesteavtale avsluttes, har og må den som leier grunnen fjerne hus og andre faste installasjoner. Vedkommende må også fjerne løsøre og rydde tomten. Ting som ikke fjernes etter skriftlig oppfordring, tilfaller grunneieren uten betaling.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 39 i tomtefestelova.

Les hele loven i sammenheng →