Forskrift om endring i forskrift om tomtefeste m.m.
I kraft fra: 2006-07-01
I
I forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 første ledd bokstav c første punktum skal lyde:
inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5% eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet.
§ 4 nye tredje og fjerde ledd skal lyde:
Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten, med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen skal ikkje reknast i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane.
Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne.
§ 4 noverande tredje og fjerde ledd blir nye femte og sjette ledd.
II
Endringane gjeld frå 1. juli 2006.
Endringa i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 første ledd bokstav c første punktum skal berre gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringa der festaren døydde eller døyr 1. juli 2006 eller seinare. Dersom kravet om innløysing er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd før 1. juli 2006, gjeld endringa ikkje, sjølv om innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.