Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til friskolelova

LTI/forskrift/2007-06-29-847·Kunngjort 10. juli 2007·Journalnr. 2007-0687

I kraft fra: 2007-07-01

I

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova gjøres følgende endringer:

Tittelen på forskriften skal lyde:

Forskrift til privatskolelova

Heimelsfeltet til forskriften skal lyde:

Fastsett av Kunnskapsdepartementet 14. juli 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-1 sjette ledd, § 2-3 andre ledd, § 3-1 femte ledd, § 3-7 tredje ledd, § 3-11, § 4-3 fjerde ledd, § 6-1 tredje ledd, § 6-2 første ledd, § 6A-1 andre og tredje ledd, § 6A-2 andre ledd og § 7-2 tredje ledd.

§ 1-1 skal lyde:

Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter privatskolelova.

Heimelstilvisinga etter kapittel 2 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 7-2 tredje ledd.)

§ 2-1 første punktum skal lyde:

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 og § 6A-2.

§ 2-4 andre og tredje ledd skal lyde:

For elevar som får spesialundervisning, jf. privatskolelova § 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld grunnskoleelevar som får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, og elevar som går i vidaregåande opplæring, og som følgjer individuell opplæringsplan i norsk. Eleven sjølv eller foreldra eller dei føresette kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.

Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.

Kapittel 3 overskrifta og heimelstilvisinga skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 2-3 andre ledd.)

§ 3-1 første ledd skal lyde:

Elevar i grunnskolar som driv verksemd etter privatskolelova har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet.

§ 3-1 tredje ledd første punktum skal lyde:

Elevar i skolar godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning og som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering.

§ 3-2 første ledd andre punktum skal lyde:

Skolen skal minst to gonger i året ha ein planlagd og strukturert samtale med foreldra eller dei føresette om korleis eleven arbeider til dagleg, og gjere greie for korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga og dei andre måla i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 3-4 andre ledd første punktum skal lyde:

Både på barne- og ungdomstrinnet skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga og dei andre måla i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, med sikte på at eleven på beste måte skal kunne nå desse måla.

§ 3-5 første ledd andre punktum skal lyde:

Kva for fag som skal ha vurdering med karakter, er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 3-7 første punktum skal lyde:

Grunnlaget for vurdering med karakterar, eller ei anna godkjend vurdering, er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 3-13 skal lyde:

For elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter privatskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld dei siste terminkarakterane, eller ei anna godkjend vurdering, som siste vurdering, jf. § 3-26 og § 5-1.

§ 3-14 første ledd skal lyde:

Eksamen skal vere i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 3-20 første ledd skal lyde:

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til den enkelte og vere eigna til å utlikne problema til eleven så langt råd er. Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen og prøver gjennom året. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er krav om skriftlege eller munnlege dugleikar, er det ikkje høve til å leggje til rette slik at desse dugleikane ikkje blir prøvde når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Heimelstilvisinga etter kapittel 4 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 2-3 andre ledd.)

Kapittel 4 første deloverskrift skal lyde:

Verkeområdet og definisjonar

§ 4-1 første ledd første punktum skal lyde:

Elevar i vidaregåande skolar som driv verksemd etter privatskolelova har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet.

§ 4-1 andre ledd første punktum skal lyde:

Elevar i skolar godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning og som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering.

§ 4-2 skal lyde:

vurdering, eksamen og dokumentasjonsordningar som gjeld vidaregåande opplæring etter privatskolelova karaktersystemet i vidaregåande skole oppmelding til eksamen fritak for vurdering i fag reaksjonar ved brot på eksamensføresegnene.

Elev er etter reglane i dette kapitlet ein som er teken inn i ein vidaregåande skole som driv verksemd etter privatskolelova og som har teke imot plassen og møter til opplæringa.

§ 4-5 første ledd første punktum skal lyde:

I vidaregåande opplæring skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga og i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, med sikte på at dei på beste måte skal kunne nå desse måla.

§ 4-6 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Elevane skal også få terminkarakterar etter 2. termin på dei årstrinna der det ikkje er fastsett kompetansemål i faget i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 4-6 femte ledd første punktum skal lyde:

Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved slutten av opplæringa på kvart årstrinn i fag der det i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 er fastsett kompetansemål på årstrinnet i faget, og i prosjekt til fordjuping.

§ 4-7 første ledd første punktum skal lyde:

Grunnlaget for vurdering med karakter, eller ei anna godkjend vurdering, i faga er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 4-8 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Relatert til dei kompetansemåla i faget som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, har dei enkelte karaktergradane dette innhaldet:

Over middels måloppnåing i faget: Karakteren 6 og karakteren 5. Karakteren 6 gir uttrykk for svært høg måloppnåing i faget. Eleven viser sjølvstende og utmerkjer seg spesielt. Karakteren 5 gir uttrykk for høg måloppnåing i faget, men eleven viser noko mindre sjølvstende.

Middels måloppnåing i faget: Karakteren 4 og karakteren 3. Karakteren 4 gir uttrykk for middels eller noko over middels måloppnåing i faget. Karakteren 3 gir uttrykk for noko under middels måloppnåing i faget.

Under middels måloppnåing i faget: Karakteren 2 og karakteren 1. Karakteren 2 gir uttrykk for mangelfull og usikker måloppnåing i faget. Karakteren 1 gir uttrykk for svært svak og utilstrekkeleg, eventuelt inga måloppnåing i faget.

I enkelte fag kan det i staden for talkarakterar brukast vurderinga bestått/ikkje bestått. Kva for fag dette gjeld, er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. For å få karakteren bestått skal innhaldet i karakteren 2 leggjast til grunn.

§ 4-13 første ledd skal lyde:

Eksamen skal vere i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 4-21 første ledd første punktum skal lyde:

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 4-21 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.

§ 4-27 første ledd skal lyde:

Alle som har gjennomgått vidaregåande opplæring etter privatskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert.

§ 4-28 andre ledd første punktum skal lyde:

For å få utferda vitnemål, må som hovudregel alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 vere bestått.

§ 4-31 første ledd andre punktum skal lyde:

I den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 står det kva for fag dette gjeld.

Heimelstilvisinga etter kapittel 5 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 2-3 andre ledd.)

Heimelstilvisinga etter kapittel 6 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 3-7 tredje ledd.)

§ 6-1 skal lyde:

Heimfylket har ansvaret for skyss for elevar som har slik rett etter reglane i privatskolelova § 3-7 første ledd. Heimfylket kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

§ 6-3 og § 6-4 skal lyde:

Dispensasjon frå plikta for heimfylket til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. privatskolelova § 3-7, kan etter søknad frå heimfylket til departementet givast når vilkåra i § 6-4 og § 6-5 er oppfylte.

heimfylket må ha ei ordning med subsidierte rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50% av vanleg månadskort for vaksne. eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar. rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjeld for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar. ordninga må omfatte minst heile skoleåret.

§ 6-5 første ledd skal lyde:

Søknader om dispensasjon frå privatskolelova § 3-7 blir avgjorde av departementet.

Heimelstilvisinga etter kapittel 7 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 3-11.)

§ 7-2 første ledd andre punktum skal lyde:

Ved overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring skal det leggjast særleg vekt på rådgiving om kva dei ulike utdanningsprogramma fører fram til.

Kapittel 8 overskrifta og heimelstilvisinga skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 4-3 fjerde ledd.)

§ 8-1 første punktum skal lyde:

Alle som skal tilsetjast i grunnskolar og vidaregåande skolar som driv verksemd etter privatskolelova, skal leggje fram politiattest.

§ 8-2 første ledd skal lyde:

Med politiattest etter privatskolelova § 4-3 første og andre ledd er meint ein politiattest som viser om personen er sikta, tiltalt eller dømd for brot på straffelova § 193, § 194, § 195, § 196, § 197, § 199, § 200 andre ledd og § 201 bokstav c. Med politiattest etter privatskolelova § 4-3 tredje ledd er meint ein politiattest som viser om personen er sikta, tiltalt eller dømd for brot på straffelova § 192, § 193, § 194, § 195, § 196, § 197, § 199, § 200 første og andre ledd og § 201 bokstav b og c. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

§ 8-3 første ledd tredje punktum skal lyde:

Det skal i tilbodet takast atterhald om at forhold nemnde i privatskolelova § 4-3 og forskrifta § 8-2 kan medføre endring i tilbodet om stilling.

Kapittel 9 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 6-1 tredje ledd.)

Ved utrekninga av statstilskot etter privatskolelova § 6-1 første og tredje ledd skal det for grunnskolar i Noreg også takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg og utgiftene på landsbasis.

Heimelstilvisinga etter kapittel 10 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 6-2 første ledd og § 6A-8 tredje ledd.)

§ 10-1 skal lyde:

I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3000 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4000 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. privatskolelova § 6-2 første ledd og § 6A-8 tredje ledd.

Heimelstilvisinga etter kapittel 11 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 3-1 femte ledd.)

§ 11-1 første og annet ledd skal lyde:

Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, jf. privatskolelova § 6A-3 andre ledd Særskilde skolar for funksjonshemma, jf. privatskolelova § 3-1 andre ledd andre punktum.

I tillegg kan desse skolane ta inn vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring: Danielsen Intensivgymnas med inntil 186 elevar Gjennestad gartnerskole med inntil 58 elevar Aglo videregående skole med inntil 43 elevar Bybroen videregående skole med inntil 95 elevar Danielsen videregående skole med inntil 19 elevar Handelsinstituttet med inntil 69 elevar Handverksskolen med inntil 15 elevar Holgersens videregående skole med inntil 27 elevar Kristen vidaregåande skole – Nordland med inntil 40 elevar Kristen videregående skole i Trøndelag (KVT) med inntil 21 elevar Lukas Stiftelsen videregående skole med inntil 74 elevar Natur vidaregåande skole med inntil 89 elevar Nordborg Kristen videregående skole med inntil 13 elevar Norsk Fotterapeutskole med inntil 28 elevar Oslo Sanitetsforenings hjelpepleierskole med inntil 36 elevar Plus-Skolen med inntil 44 elevar Tomb Jordbruksskole med inntil 21 elevar Tyrifjord videregående skole med inntil 13 elevar Uldals videregående skole med inntil 65 elevar Val videregående skole med inntil 9 elevar Vinterlandbruksskulen på Jæren med inntil 21 elevar Vinterlandbruksskulen i Ryfylke med inntil 20 elevar Wang Handelsskole og Gymnas med inntil 45 elevar Østfold Møbelsnekkerskole med inntil 15 elevar Øya vidaregåande skole med inntil 7 elevar.

Kapittel 12 skal lyde:

(Heimel: privatskolelova § 2-1 sjette ledd og § 6A-1 andre ledd.)

Frist for søknad om godkjenning av skole eller driftsendringar etter privatskolelova er 1. april i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til. Oppstart skal normalt skje i haustsemesteret. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle fastsette andre fristar.

II

Endringane trer i kraft frå og med 1. juli 2007.