Lov
Nynorsk
§ 6-2. Skolepengar
Skolepengar
Skolar som får statstilskot etter § 6-1 første ledd, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 prosent av tilskotsgrunnlaget, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere tidsavgrensa unntak frå kravet.
Dersom styret etter § 5-2 andre ledd bokstav b etablerer ei ordning med graderte og reduserte skolepengar, kan skolen etter søknad gi reduserte skolepengar ut frå økonomien til den enkelte hushaldninga, og gi moderasjon til hushaldningar som har fleire barn på skolen.
Skolar som får statstilskot etter § 6-1 fjerde ledd, kan i særskilde tilfelle få dispensasjon til å krevje inn skolepengar.
Grunnskolar kan ikkje krevje noka form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.
Vidaregåande skolar kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna. Skolen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Skolen kan påleggje elevane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Privatskolar som får statstilskot kan krevje inn skolepengar, og styret bestemmer storleiken. Det er mogleg å gi reduserte skolepengar basert på økonomi eller mengde barn på skolen. Vidaregåande skolar skal i utgangspunktet dekke nødvendige læremiddel og digitalt utstyr.AI
Endret 14. juni 2024
Endringshistorikk (4)
- 14. juni 2024Endringslov til privatskolelova
- 29. juni 2007Endringslov til friskolelova
- 26. november 2004Endringslov til friskolelova
- 4. juli 2003Friskolelova
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 14 juni 2024 nr. 34 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 954).
Se ogsåPrivatskolelova § 6-1Privatskolelova § 5-2omtalt i 1 kilde →referert av 2 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av2
Endringshistorikk4
Koblinger for § 6-2 i privatskolelova.