Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6-3. Krav til bruken av offentlege tilskot og skolepengar

Privatskolelova·Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.·Sist endret 1. august 2015

Krav til bruken av offentlege tilskot og skolepengar

Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan a) gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd. Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra i marknaden.

Alle offentlige tilskudd og skolepenger skal brukes til elevens beste. Skolen kan ikke gi utbytte til eierne eller betale urimelige leiekostnader til sine egne eiere.AI

Endret 29. juni 2007
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701).

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i2
Endringshistorikk3

Koblinger for § 6-3 i privatskolelova.

Les hele loven i sammenheng →