Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-2. Krav til verksemda til skolen

Privatskolelova·Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot·Sist endret 1. juli 2024

Krav til verksemda til skolen

Skolen kan ikkje drive eller eige anna verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak som tillet at skolane kan drive eller eige tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak om bruk av inntekter frå skoleverksemd og tillate tilleggsverksemd. Skolen må vere registrert i Einingsregisteret, jf. enhetsregisterloven, eller i tilsvarande register, før det blir søkt om godkjenning. Skolen må seinast til same tid dokumentere at han har ein innskotskapital på minimum kroner 100 000. Grunnskolar som har både barne- og ungdomstrinn, skal vere organisert i same rettssubjekt. Dersom ein skole har færre enn 15 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort. For norske skolar i utlandet gjeld ei tilsvarande minimumsgrense på 10 elevar. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå minimumskrava til elevtal. Skolar som berre driv verksemd etter § 2-1 bokstav g, er ikkje omfatta av minimumskrava til elevtal. Skolen skal ha vedtekter. Vedtektene skal angje at alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode, jf. § 6-3.

En privatskole kan i utgangspunktet bare drive skolevirksomhet, men kan i noen tilfeller ha mindre tilleggsvirksomhet. Skolen må være registrert i Enhetsregisteret, ha en viss innskuddskapital og ha vedtekter som sikrer at pengene går til elevene.AI

Endret 14. juni 2024
Endringshistorikk (6)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 9 juni 2006 nr. 17, 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 juli 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 for annet ledd iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2016 for første ledd iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754), 14 juni 2024 nr. 34 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 954).

Se ogsåPrivatskolelova § 2-1 første leddPrivatskolelova § 6-3omtalt i 5 kilderreferert av 4

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også2
Referert av4
Nevnt i5
Endringshistorikk6

Koblinger for § 2-2 i privatskolelova.

Les hele loven i sammenheng →