Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fiskeridepartementet

Delegering av kompetanse til fiskesalslaga og Fiskeridirektoratet om å treffe vedtak om inndraging etter havressurslova § 54

LTI/forskrift/2008-12-16-1376·Kunngjort 17. desember 2008·Journalnr. 2008-1124

I kraft fra: 2009-01-01

I

Overskrid eit fartøy den fangstmengd eller dei kvotar for fartøy som er fastsett i medhald av § 12, § 13 og § 14 i havressurslova, tilfell fangst over kvote eller verdien av fangst over kvote vedkomande salslag etter § 54. Mynde til å treffe vedtak om slik inndraging vert delegert til vedkomande salslag. Fiskeridirektoratet er klageorgan.

Fangst eller verdi av fangst hausta eller levert i strid med havressurslova elles, eller føresegner fastsett i medhald av lova, tilfell vedkomande salslag. Mynde til å treffe vedtak om slik inndraging vert delegert til Fiskeridirektoratets regionkontor. Fiskeridirektoratet er klageorgan.

Fangst eller verdi av fangst hausta eller levert i strid med deltakerloven eller føresegner fastsett i medhald av lova, tilfell også vedkomande salslag etter § 54. Mynde til å treffe vedtak om slik inndraging vert delegert til Fiskeridirektoratet. Fiskeri- og kystdepartementet er klageorgan.

II

Dette delegeringsvedtaket gjeld frå 1. januar 2009.