Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 54. Fangst som er hausta eller levert i strid med lova

Havressurslova·Kapittel 9. Fangst som er hausta eller levert i strid med lova·Sist endret 21. april 2023

Fangst som er hausta eller levert i strid med lova

Fangst eller verdien av fangst som er hausta eller levert i strid med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her, eller deltakerloven, tilfell vedkomande salslag, eller staten dersom fangsten ikkje fell inn under omsetningsretten til salslaget. Dette gjeld utan omsyn til om tilhøvet medfører straffansvar. Departementet kan gje forskrift om a) handsaminga av saker etter første ledd b) kva for føresegner som er omfatta av første ledd c) korleis verdien av fangst etter første ledd skal fastsetjast d) om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring av fangst etter første ledd e) kva salslaga kan bruke midlar som nemnt i første ledd til f) at brot på enkelte føresegner etter første ledd likevel ikkje skal medføre inndraging av fangst. Endeleg vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg, og verdien av fangsten kan krevjast inn ved motrekning i fangstoppgjer. Departementet kan gje forskrift om mellombels tilbakehald av fangstverdi.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 april 2023 nr. 6 (i kraft 21 april 2023 iflg. res. 21 april 2023 nr. 527).

omtalt i 3 kilderreferert av 3

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Referert av3
Nevnt i3

Koblinger for § 54 i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →