Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fiskeridepartementet

Forskrift om endring i forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar

LTI/forskrift/2010-05-27-726·Kunngjort 28. mai 2010·Journalnr. 2010-0461

I kraft fra: 2010-05-27

I

I forskrift 12. mars 2010 nr. 390 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 første ledd skal lyde:

Salslaget som har ansvaret for omsetning i første hand av den aktuelle arten i det området der fartøyet er registrert, gjer vedtak om inndraging av fangst utover kvote, jf. havressurslova § 12, § 13 og § 14.

§ 3 tredje ledd skal lyde:

Første og andre ledd gjeld likevel ikkje ved inndraging av fangst utover kvote av brisling, lodde, makrell, hestemakrell, kolmule, norsk vårgytande sild, nordsjøsild, tobis og augepål etter havressurslova § 12, § 13 og § 14.

II

Endringane trer i kraft straks.