Forskrift om endring i forskrifter om eigedomsinngrep etter veglova
I kraft fra: 2014-05-06
I
I forskrifter 11. september 1981 nr. 8603 om eigedomsinngrep etter veglova skal følgende bestemmelser lyde:
Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningslova.
Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 12-12.
små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1. inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1. vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd. avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.
II
Forskriften trer i kraft straks.