Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om berekraftig skogbruk

LTI/forskrift/2015-02-02-88·Kunngjort 10. februar 2015·Journalnr. 2015-0090

I kraft fra: 2015-02-02

I

I forskrift 7. juni 2006 nr. 593 om berekraftig skogbruk skal det gjerast følgjande endringar:

§ 4 siste ledd skal lyde:

Hogst kan normalt berre skje i område der det er gjennomført miljøregistreringar, jf. forskrift 4. februar 2004 nr. 449 om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer. Ved hogst i område der slike registreringar enno ikkje er gjennomførte, skal dei føre-var-tiltaka som er nedfelte i Norsk PEFC Skogstandard leggjast til grunn.

§ 5 første ledd skal lyde:

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Norsk PEFC Skogstandard.

II

Endringane trer i kraft straks.