Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2015-07-14-899·Kunngjort 17. juli 2015·Journalnr. 2015-0775

I kraft fra: 2015-08-01

I

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova gjøres følgende endringer:

Tittelen på forskriften skal lyde:

Forskrift til friskolelova

Hjemmelsfeltet til forskriften skal lyde:

Fastsett av Kunnskapsdepartementet 14. juli 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-1 sjette ledd, § 2-3 andre ledd, § 3-1 femte ledd, § 3-7 tredje ledd, § 3-11, § 6-1 tredje ledd, § 6-1 fjerde ledd, § 6-2 første ledd, § 7-1b og § 7-2 tredje ledd.

§ 1-1 skal lyde:

Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter friskolelova.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 2 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 7-2 tredje ledd).

§ 2-1 skal lyde:

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Skolen sitt styre har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

§ 2-4 andre ledd skal lyde:

For elevar som får spesialundervisning, jf. friskolelova § 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.

§ 2A-1 første ledd første punktum skal lyde:

Alle læreplanar som godkjennast etter friskolelova § 2-3 første ledd må oppfylle krava i denne føresegna.

§ 2A-2 skal lyde:

Skolar som er godkjend på grunnlag av livssyn, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav a), må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag. I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i forhold til grunnlaget til skolen.

§ 2A-3 første ledd skal lyde:

Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav b), må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.

§ 2A-4 skal lyde:

Ved internasjonale skolar, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav c), skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.

Ny § 2A-4a skal lyde:

Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med spesiell faglig merksemd retta mot et emne, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav i), må synleggjere profilen i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.

Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med annan pedagogikk, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav i), må synliggjere skolens særskilte pedagogikk i læreplanen.

I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig for grunnlaget til skolen.

Ny § 2A-4b skal lyde:

Ved norske skolar i utlandet, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav e), og andre skolar som ikkje er særskilt nemnt i kapittel 2A i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk. Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk omfattar den generelle delen av læreplanen, prinsipp for opplæringa, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.

For toppidrettsgymnas skal opplæringa være i samsvar med krava som framgår av friskolelova § 2-1 tredje ledd.

§ 2A-9 tredje ledd skal lyde:

Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i friskolelova § 4-2 gjeld ikkje. Elles gjeld friskolelova med tilhøyrande forskrifter.

§ 2A-11 første ledd skal lyde:

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Dagleg leiar gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Fylkesmannen er klageinstans. Før dagleg leiar gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

§ 2B-1 første ledd skal lyde:

Skolen skal tilby leksehjelp, jf. friskolelova § 7-1e, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik skolen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.

§ 3-1 første ledd skal lyde:

Elevar i grunnskolar og vidaregåande opplæring som driv verksemd etter friskolelova, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Denne retten gjeld ikkje elevar i vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar, jf. friskolelova kapittel 6A. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa.

§ 3-1 fjerde ledd skal lyde:

Skolen sitt styre har ansvaret for at eleven sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. friskolelova § 5-2.

§ 3-3 første ledd skal lyde:

Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

3-4 femte ledd første punktum skal lyde:

Det kan gå fram av den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar.

§ 3-8 skal lyde:

Eleven har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren om utviklinga i lys av friskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

§ 3-10 skal lyde:

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.

§ 3-11 fjerde og femte ledd skal lyde:

Læraren skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4.

Elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd. Elevar som er fritekne for vurdering med karakter etter § 3-19 skal ha undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen så langt planen avvik frå læreplanen for faget.

§ 3-13 første ledd skal lyde:

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven i forhold til kompetansemåla i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Ho skal også gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.

§ 3-13 fjerde og femte ledd skal lyde:

I grunnskolen skal halvårsvurderinga gjennomførast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet, og ved slutten av opplæringsåret på årstrinnet for fag som ikkje blir avslutta, jf. den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

I vidaregåande opplæring skal halvårsvurdering gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. I fellesfag, jf. § 3-45, skal elevane også ha halvårsvurdering med karakter, eller anna godkjend vurdering, på slutten av opplæringsåret dersom faget ikkje blir avslutta, jf. den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

§ 3-16 første ledd skal lyde:

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 jf. § 3-3.

§ 3-17 første ledd skal lyde:

Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, jf. den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, og som skal førast på vitnemålet.

§ 3-17 sjuende ledd skal lyde:

For elevar i grunnskolen som er fritekne for opplæringsplikt etter friskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld den siste halvårsvurderinga med karakter som standpunktkarakter, jf. § 3-39 og § 5-1.

§ 3-18 første ledd skal lyde:

Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

§ 3-20 andre og tredje ledd skal lyde:

Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i ein innføringsklasse, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringsklassen. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.

Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i ein innføringsklasse kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurdering i heile perioden han eller ho er i innføringsklassen. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.

§ 3-21 første ledd skal lyde:

Elevar har mottatt særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5 på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

§ 3-24 første ledd skal lyde:

Eksamen skal vere i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

§ 3-24 tredje ledd skal lyde:

Elevar på ungdomstrinnet som avsluttar eit fag tidlegare enn det som følgjar av den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, jf. § 2A-10, skal vere med i trekket til eksamen i faget det opplæringsåret faget blir avslutta. Om eleven blir trekt til eksamen etter første punktum, kjem denne eksamen i tillegg til dei eksamenar som departementet har fastsett at eleven skal ha på 10. årstrinn.

§ 3-30 første og andre ledd skal lyde:

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

§ 3-36 første ledd skal lyde:

Alle som har fullført grunnopplæringa etter friskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

§ 3-37 første ledd skal lyde:

Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær, jf. friskolelova § 5-2 første ledd.

§ 3-39 første ledd skal lyde:

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa etter friskolelova. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær.

§ 3-40 fjerde ledd skal lyde:

dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar innvilga permisjon etter friskolelova § 3-13.

§ 3-41 andre ledd skal lyde:

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-19 til § 3-22, § 3-38 eller § 3-43.

§ 3-42 første ledd skal lyde:

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-31, utsett eksamen etter § 3-33 og ny eksamen etter § 3-34 og § 3-35.

§ 3-42 fjerde og femte ledd skal lyde:

vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører folkehøgskole, verneplikt eller i minst seks månader av opplæringsåret utfører omsorgsarbeid vedkommande har fatt fråvær på grunn av langvarig sjukdom vedkommande har innanfor denne perioden fått innvilga søknad om omval etter friskolelova § 3-3 fjerde ledd og opplæringslova § 3-1 fjerde ledd vedkommande har fått rett til ekstra opplæringstid etter reglane i opplæringslova § 3-1 femte ledd.

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

§ 3-43 femte ledd skal lyde:

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

§ 3-44 andre ledd skal lyde:

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutning av opplæringsåret førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurdering med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

§ 3-45 første ledd skal lyde:

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

§ 4-1 skal lyde:

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. friskolelova § 1-1 og § 7-1d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til god oppfølging av eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

§ 4-2 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av friskolelova § 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

varsling om eleven sitt fråvær varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7 informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter friskolelova og forskrifta anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving.

§ 4-3 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av friskolelova § 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

varsling om eleven sitt fråvær varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite god i orden eller oppførsel, jf. § 3-7 informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter friskolelova og forskrifta anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 5 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 2-3 andre ledd.)

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 5A skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 2-3 andre ledd tredje punktum.)

§ 5a-1 første ledd skal lyde:

elevar som får særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5 elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk elevar som har finsk som andrespråk elevar som får opplæring i teiknspråk som førstespråk.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 6 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 3-7 tredje ledd.)

§ 6-1 skal lyde:

Heimfylket har ansvaret for skyss for elevar som har slik rett etter reglane i friskolelova § 3-7 første ledd. Heimfylket kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

§ 6-3 skal lyde:

Dispensasjon frå plikta for heimfylket til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. friskolelova § 3-7, kan etter søknad frå heimfylket til departementet givast når vilkåra i § 6-4 og § 6-5 er oppfylte.

§ 6-4 første ledd skal lyde:

heimfylket må ha ei ordning med subsidiert rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50 % av vanleg månadskort for vaksne. eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar. rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjelder for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar. ordninga må omfatte minst heile skoleåret.

§ 6-5 skal lyde:

Søknader om dispensasjon frå friskolelova § 3-7 blir avgjorde av departementet.

Dispensasjon kan givast for eitt år om gongen.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 7 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 3-11.)

§ 7-4 første ledd skal lyde:

Skolen sitt styre er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 7-1 til § 7-3, jf. friskolelova § 5-2. Ansvaret inneber mellom anna at begge formene for rådgiving skal utførast av personale med relevant kompetanse for dei to områda.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 7A skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 7-1b.)

§ 7A-1 første ledd skal lyde:

Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter friskolelova kapittel 6A.

§ 8-1 første ledd skal lyde:

Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i friskolelova § 4-3 og § 7-1e tredje ledd. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

§ 8-2 skal lyde:

Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter at attesten har vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta med heimel i friskolelova § 4-3 eller § 7-1e.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 9 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 6-1 tredje ledd.)

§ 9-1 skal lyde:

Ved utrekninga av statstilskot etter friskolelova § 6-1 første og tredje ledd skal det for grunnskolar i Noreg også takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg og utgiftene på landsbasis.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 9 A skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 6-1 fjerde ledd.)

§ 9A-1 første ledd skal lyde:

Skolar som er godkjente etter friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav f) får alle driftsutgiftene dekte etter ein normalsats per elev per skoleår, jf. § 6-1 fjerde ledd i lova.

§ 9A-4 skal lyde:

Dersom ein elev for ein kortare eller lengre periode er vesentleg meir ressurskrevjande enn kva den satsen skolen får for eleven dekkjer, må det vurderast om eleven har rett til spesialundervisning, jf. friskolelova § 3-6.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 10 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 6-2 første ledd.)

§ 10-1 skal lyde:

I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. friskolelova § 6-2 første ledd.

I kapittel 11 skal ny overskrift lyde:

Vaksne søkarar

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 11 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 3-1 femte ledd.)

§ 11-1 første ledd skal lyde:

Vidaregåande skolar som driv verksemd etter friskolelova kan som hovudregel ikkje ta inn vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring, jf. friskolelova § 3-1 andre ledd første punktum. Særskilde skolar for funksjonshemma kan likevel ta inn vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring, jf. friskolelova § 3-1 andre ledd andre punktum.

Ny § 11-2 skal lyde:

Skolane kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få godkjend ein kvote for vaksne med rett til vidaregåande opplæring innafor ramma av det elevtalet skolen er godkjend for. Skolar kan innanfor denne kvota også ta inn vaksne søkarar utan rett etter reglane i § 11-1. Vaksne søkarar med rett skal prioriterast føre vaksne søkarar utan rett. Kvota kan ikkje nyttast til å ta inn ungdom med rett.

Hjemmelshenvisningen etter kapittel 12 skal lyde:

(Heimel: friskolelova § 2-1 sjette ledd.)

§ 12-1 skal lyde:

Frist for søknad om godkjenning av skole eller driftsendringar etter friskolelova er 1. februar i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til. Oppstart skal normalt skje i haustsemesteret. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle fastsette andre fristar.

II

Endringene trer i kraft fra og med 1. august 2015.