Hopp til innhold
Forskriftsendring
Justis- og beredskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

LTI/forskrift/2015-09-04-1030·Kunngjort 8. september 2015·Journalnr. 2015-0877

I kraft fra: 2015-09-04

I

I forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. gjøres følgende endring:

§ 4 første ledd skal lyde:

eigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, og inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer meir enn eit årleg minstebeløp, som frå 1. januar 2006 er 15 000 kroner og deretter ved kvart årsskifte blir justert i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, og inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5 % eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har fått lønn for arbeid med slik drift av eigedomen, eller har deltatt i eit føretak som har hatt inntekt frå slik drift av eigedomen, skal bruttolønna og part av verksemdas driftsresultat som kjem frå slik drift av eigedomen, reknast med i driftsresultatet. Dersom drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren også reknast med i driftsresultatet.

II

Forskriften trer i kraft straks.