Hopp til innhold
Forskriftsendring
Finansdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta)

LTI/forskrift/2016-07-06-901·Kunngjort 8. juli 2016·Journalnr. 2016-0784

I kraft fra: 2016-07-06

I

I forskrift 18. desember 2015 nr. 1616 om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta) endrast følgjande:

§ 1-2 bokstav b skal lyde:

kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering.

§ 1-2 ny bokstav i skal lyde:

treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering,

§ 1-2 bokstavane i til p blir bokstavane j til q.

§ 2-2 første punktum skal lyde:

Kassasystemet skal ha integrert kassaskuff på kvart kassapunkt.

§ 2-3 første ledd skal lyde:

Kassasystemet skal ved det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein skrivar. Skrivaren skal kunne produsere dokumentasjon som nemnt i § 1-2 bokstavane d til i og l til n.

§ 2-6 fjerde ledd skal lyde:

Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet skriv ut ei salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering.

§ 2-6 sjuande ledd opphevast.

§ 2-6 åttande og niande ledd blir nye sjuande og åttande ledd.

§ 2-7 sjette ledd skal lyde:

All kontinuerleg bruk må kunne identifiserast og skiljast ut med eit startpunkt.

§ 2-8-1 skal lyde:

Kassasystemet skal for kvart kassapunkt kunne produsere X-rapportar, Z-rapportar, salskvitteringar og returkvitteringar. Dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal også utleveringskvittering kunne produserast.

§ 2-8-2 bokstav d skal lyde:

ID-nummeret til kassapunktet,

§ 2-8-2 bokstav j skal lyde:

avgiftspliktig og avgiftsfritt kontantsal mv. samt meirverdiavgift fordelt på ulike meirverdiavgiftssatsar,

§ 2-8-2 ny bokstav w skal lyde:

talet på treningskvitteringar og beløp,

§ 2-8-2 bokstavane w til y blir bokstavane x til z.

§ 2-8-2 nytt andre ledd skal lyde:

Dersom det vert skrive ut kvitteringar for kredittsal frå kassapunktet, skal talet på kredittsal og beløp spesifiserast. Det same gjeld innbetalingar og returkvitteringar som gjeld kredittsal. Også talet på andre inn- og utbetalingar som blir registrert på kassapunktet, skal spesifiserast på type og beløp.

§ 2-8-3 første ledd, fyrste punktum skal lyde:

Ein Z-rapport skal minst innehalde opplysningar som nemnt i § 2-8-2, med unntak av opplysninga i første ledd bokstav a.

§ 2-8-4 første punktum skal lyde:

Ei salskvittering skal minst innehalde opplysningar som nemnt i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring § 5-3-2a samt opplysningar om type betalingsmiddel og ID-nummeret til kassapunktet.

§ 2-8-6 skal lyde:

Dersom kassasystemet har funksjonar til å skrive ut kopikvittering, pro forma kvittering eller treningskvittering skal desse vere tydeleg merka respektive «KOPI», «Foreløpig kvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP» og «Treningskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Treningskvitteringar skal ikkje inngå i same nummerserie som salskvitteringar.

§ 2-8-7 skal lyde:

Dersom kassasystemet blir nytta til å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal det skrivast ut ei kvittering som viser kva slags varer og tenester som er levert. Kvitteringa skal tydeleg merkast «Utleveringskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.

§ 2-8-8 andre punktum skal lyde:

Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.

II

Endringane under I erstatter føresegner gitt i forskrift 18. desember 2015 nr. 1616 som trer i kraft 1. januar 2017.