Hopp til innhold
Forskrift
Finansdepartementet

Forskrift om krav til kassasystem

Kassasystemforskrifta

forskrift/2015-12-18-1616·22 paragrafer·Sist endret 3. februar 2026·Utforsk grafen
I kraft 2017-01-01Kunngjort 2015-12-21Sist endret ved forskrift/2026-02-03-129
Innhold22 paragrafer

Kapittel 1. Virkefeltet til forskrifta. Definisjonar

Virkefelt

Forskrifta utfyller og gjennomfører føresegnene i kassasystemlova.

Denne forskrifta utdjupar og gjennomfører reglane som står i kassasystemlova.AI

Definisjonar

I denne forskrifta tyder a) kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem, b) kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering. c) opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling, d) salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon, e) returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester, f) kopikvittering: kopi av salskvittering, g) foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal, h) utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal, i) treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering, j) kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort, k) kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare, l) elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form, m) Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet, n) X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport, o) grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet, p) grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur, q) grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur, r) STEB-kvittering: kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner, s) Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

referert av 2

Tilpassing av kassasystem

Med tilpassing av kassasystem, jf. kassasystemlova § 2 bokstav e) meinast tilpassingar som påverkar kassasystemet sine funksjonar eller oppbygging.

Bestemmelsen forklarer hva som menes med tilpassing av kassasystem. Det gjelder endringer som påvirker hvordan systemet er bygget opp eller hvilke funksjoner det har.AI

Se ogsåKassasystemlova § 2

Kapittel 2. Krav til kassasystem og systemskildring

Systemskildring

(1) Av systemskildringa som nemnt i kassasystemlova § 3 andre ledd skal det gå fram korleis kassasystemet kan kontrollerast. Dersom kassasystemet oppbevarer dokumentasjon av bokførte opplysningar, og det er nødvendig for å kunne kontrollere bokførte opplysningar på ein enkel måte, skal systemskildringa også dokumentere kontrollsporet, blant anna korleis systemgenererte poster kan etterprøvast. (2) Dersom eit kassasystem vert endra ved at det blir tilført nye funksjonar eller det blir gjort endringar som påverkar oppbygginga av systemet, skal det enten utarbeidast eit tillegg til systemskildringa over dei endringane som er gjort eller ei heilt ny systemskildring. Dokumentasjonen skal følgje med kassasystemet.

Det skal finnes en beskrivelse av hvordan kassasystemet fungerer og hvordan det kan kontrolleres. Hvis systemet lagrer bokført informasjon, må det forklares hvordan man kan etterprøve postene. Ved endringer i systemet må beskrivelsen oppdateres.AI

Se ogsåKassasystemlova § 3referert av 1

Kassaskuff

Kassasystemet skal ha integrert kassaskuff på kvart kassapunkt. Dette gjeld likevel ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal mv. på den enkelte operatør og utskrift av salskvittering ikkje blir beordra frå faste kassapunkt. Kravet gjeld heller ikkje ved kassapunkt kor det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar.

Det er et krav om at det skal være en integrert kasseskuff ved hvert kassapunkt. Det finnes unntak dersom systemet registrerer kontantsalg per operatør uten faste utskriftspunkter, eller hvis det ikke er mulig å betale med kontanter.AI

Endret 4. juli 2018 · i kraft 4. juli 2018
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128.

Skrivar mv

(1) Kassasystemet skal ved det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein skrivar. Skrivaren skal kunne produsere dokumentasjon som nemnt i § 1-2 bokstavane d til i, l til n og r. (2) Kassasystemet skal for det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein eksportfunksjon, slik at det er mogeleg å overføre opplysningane i elektronisk journal til eksternt lagringsmedium.

Hvert kassapunkt skal ha en skriver som kan skrive ut nødvendig dokumentasjon. Systemet må også ha en funksjon for å kunne overføre informasjon fra den elektroniske journalen til et eksternt lagringsmedium.AI

Endret 4. juli 2018 · i kraft 4. juli 2018
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128.

Se ogsåKassasystemforskrifta § 1-2 første ledd

Krav til språk

Systemskildring, programvare, servicemanual, programmeringsverktøy og programmeringsmanual skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Det same gjeld tekst på kvitteringar, X-rapport og Z-rapport samt registrering av kontinuerleg bruk.

Dokumentasjon, programvare og manualar for kassasystemet skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Dette gjeld også tekst på kvitteringar, rapportar og registrering av bruk.AI

Funksjonar som eit kassasystem skal ha

(1) Kassasystemet skal kunne registrere vekselkasse. (2) Kassasystemet skal kunne registrere betaling med ulike typar betalingsmiddel. (3) Kassasystemet skal ha klokke. Klokka skal vere stilt til norsk normaltid og justerast for sommartid. (4) Kassasystemet skal klart skilje mellom positive og negative beløp på alle kvitteringar, rapportar og i elektronisk journal. (5) Kassasystem som er tenkt til bruk for fleire bokføringspliktige, skal vere lagt til rette for at all kontinuerleg bruk, blant anna betalingsmiddel, blir registrert særskilt for kvar enkelt bokføringspliktige verksemd.

Et kassasystem må kunne håndtere vekselkasse og ulike betalingsmåter, samt ha en klokke stilt til norsk tid. Systemet skal skille tydelig mellom pluss- og minusbeløp, og kunne skille bruk mellom ulike virksomheter.AI

referert av 1

Funksjonar som eit kassasystem ikkje skal ha

(1) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha andre funksjonar enn det som går fram av systemskildringa, jf. kassasystemlova § 3 andre ledd. (2) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje kunne koplast saman med eller integrerast med utrustning eller programvare som gjer det mogeleg å endre eller slette elektronisk journal. (3) Programvaren i eit kassasystem skal ikkje ha funksjonar som gjer det mogeleg for brukaren å ta bort, endre eller legge til opplysningar i registreringane. Programmert tekst på varer og tenester skal ikkje kunne endrast ved eller etter registreringa. (4) Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet fullfører salet og skriv ut ei salskvittering. Kravet til at kassasystemet skal generere utskrift automatisk gjeld ikkje dersom det i samband med salet nyttast ei betalingsløysing som er integrert i kassasystemet. For drivstoff-, parkerings- og billettautomatar, samt andre ubetjente automatar som har funksjon til å skrive salskvittering, kan systemet ha ein funksjon som gjer det frivillig for kunden å ta ut salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering. Dette er ikkje til hinder for at taxfree-butikkar i lufthavner har system som kan skrive ut fleire STEB-kvitteringar. (5) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom integrert kassaskuff er open. (6) Det skal ikkje vere mogeleg å foreta registreringar i kassasystemet dersom lagringsminnet er fullt. (7) Det skal ikkje vere mogeleg å merke særskilte varer eller tenester i kassasystemet slik at dei ikkje blir tekne med på X- og Z-rapport. (8) Eit kassasystem som blir kopla saman med ei ikkje-automatisk vekt, skal ikkje kunne påverke vekta sine måletekniske eigenskapar, jf. forskrift 21. desember 2007 nr. 1735 om krav til ikke-automatiske vekter.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349.

Se ogsåKassasystemlova § 3referert av 1

Elektronisk journal

(1) All kontinuerleg bruk skal lagrast fortløpande i elektronisk journal. Dette omfattar også opplysningar på kvitteringar som nemnt i § 1-2 bokstavane d til h. Elektronisk journal skal vere sikra mot endring og sletting. Elektronisk journal kan overførast til eit anna elektronisk medium i eit filformat som ikkje enkelt lar seg redigere. Slik overføring skal ikkje kunne gjerast før kassasystemet har produsert ein Z-rapport. Systemet skal kunne produsere ei fil direkte frå elektronisk journal eller anna elektronisk medium i ei standardisert form fastsett av Skattedirektoratet. (2) Tidspunkta for opning av integrert kassaskuff skal gå fram av elektronisk journal. (3) Dersom kassasystemet har funksjonar for fastsetjing av prisar for varer og tenester, skal det vere mogeleg å ta fram opplysningar om aktuelle prisar frå kassasystemet. Det skal i slike tilfelle gå fram av den elektroniske journalen når prisane har blitt endra. Det same gjeld ved andre endringar i dei faste opplysningane. (4) Dersom kassasystemet har funksjonar for å undersøke pris, skal slike prisundersøkingar registrerast i elektronisk journal. (5) Dersom kassasystemet har funksjonar for identifikasjon av den enkelte operatør ved bruk av kort eller liknande, skal elektronisk journal innehalde opplysningar om vedkomande sitt namn eller tilsettnummer i samband med salstransaksjonane og andre registreringar. (6) All kontinuerleg bruk må kunne identifiserast og skiljast ut med eit startpunkt.

Alle hendelser i et kassasystem skal lagres i en elektronisk journal som er beskyttet mot endring og sletting. Journalen skal logge alt fra salg og prisendringer til når kassaskuffen åpnes og hvem som utfører handlingene.AI

Endret 21. november 2019 · i kraft 20. november 2019
Endringshistorikk (3)
  • 21. november 2019Kunngjøring av stadfestelse av tekniske regler i kassasystemforskrifta, jf. EØS-høringsloven
  • 15. november 2019Kunngjøring av innsending av kassasystemforskrifta § 2-7 første ledd siste punktum, jf. EØS-høringsloven
  • 8. juli 2016Endr. i kassasystemforskrifta
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Se ogsåKassasystemforskrifta § 1-2 første leddreferert av 1

X-rapport, Z-rapport, salskvittering mv

Kassasystemet skal for kvart kassapunkt kunne produsere X-rapportar, Z-rapportar, salskvitteringar og returkvitteringar. Dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal også utleveringskvittering kunne produserast.

Kassasystemet må kunne lage X-rapportar, Z-rapportar, salskvitteringar og returkvitteringar for kvart kassapunkt. Om systemet kan registrere kredittsal som blir fakturert seinare, skal det også kunne lage utleveringskvitteringar.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

X-rapport

Ein X-rapport skal minst innehalde desse opplysningane: a) påskrift om at rapporten er ein X-rapport, b) namn og organisasjonsnummer til føretaket, c) dato og klokkeslett, d) ID-nummeret til kassapunktet, e) totalt kontantsal, f) talet på kontantsal og beløp minimum fordelt på hovudgrupper, g) talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel, h) talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel spesifisert for kvar enkelt operatør, dersom kassasystemet har funksjonar for dette, i) talet på tips og beløp, dersom kassasystemet har funksjonar for dette, j) avgiftspliktig og avgiftsfritt kontantsal mv. samt meirverdiavgift fordelt på ulike meirverdiavgiftssatsar, k) inngåande vekselkasse, l) talet på salskvitteringar, m) talet på opningar av kassaskuff, n) talet på kopikvitteringar og beløp, o) talet på foreløpige kvitteringar og beløp, p) talet på returkvitteringar og beløp, q) talet på rabattar og beløp, r) talet på avbrotne kontantsal og beløp, s) talet på linjekorreksjonar spesifisert på type og beløp, t) talet på prisundersøkingar spesifisert på varegruppe og beløp, u) talet på andre korreksjonar spesifisert på type og beløp, v) talet på utleveringskvitteringar og beløp, w) talet på treningskvitteringar og beløp, x) grand total sal, y) grand total retur, z) grand total netto. Dersom det vert skrive ut kvitteringar for kredittsal frå kassapunktet, skal talet på kredittsal og beløp spesifiserast. Det same gjeld innbetalingar og returkvitteringar som gjeld kredittsal. Også talet på andre inn- og utbetalingar som blir registrert på kassapunktet, skal spesifiserast på type og beløp.

En X-rapport skal inneholde detaljert informasjon om salg, betalingsmidler, merverdiavgift og diverse rettelser i kassen. Rapporten skal også spesifisere opplysninger om kredittsal, innbetalinger og andre ut- og innbetalinger ved kassapunktet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

referert av 2

Z-rapport

(1) Ein Z-rapport skal minst innehalde opplysningar som nemnt i § 2-8-2, med unntak av opplysninga i første ledd bokstav a. I tillegg skal Z-rapporten vere fortløpande nummerert og innehalde ei påskrift om at rapporten er ein Z-rapport. Z-rapporten kan ikkje innehalde registreringar som er omfatta av ein tidlegare Z-rapport. (2) Det skal ikkje vere mogeleg å utarbeide ein Z-rapport utan at alle sal er avslutta. Ein Z-rapport kan ikkje ha same nummer som ein tidlegare Z-rapport.

En Z-rapport skal inneholde spesifikke opplysninger, ha et fortløpende nummer og være tydelig merket som en Z-rapport. Den kan ikke inneholde salg som allerede er med i tidligere rapporter, og kan ikke lages før alt salg er avsluttet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Se ogsåKassasystemforskrifta § 2-8-2Kassasystemforskrifta § 2-8referert av 1

Salskvittering

Ei salskvittering skal minst innehalde opplysningar som nemnt i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring § 5-3-12 samt opplysningar om type betalingsmiddel og ID-nummeret til kassapunktet. Ordet «Salskvittering» skal visast øvst på kvitteringa. Dersom salskvitteringa er framstilt i elektronisk form skal orda «Elektronisk salskvittering» visast. Dersom betalingsløysinga er integrert med kassasystemet, skal salskvitteringa også innehalde transaksjons-ID.

En salgskvittering skal inneholde spesifikke opplysninger om betalingsmiddel og identifikasjonsnummer for kassapunktet. Det er krav til hvordan kvitteringen skal benevnes øverst, og det skal oppgis transaksjons-ID hvis betalingsløsningen er integrert med systemet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 21 sep 2018 nr. 1349, 12 feb 2019 nr. 85.

Se ogsåBokføringsforskriften § 5-3-12referert av 2

Returkvittering

Ordet «Returkvittering» skal gå fram øvst på kvitteringa. I tillegg gjeld føresegnene i § 2-8-4 tilsvarande for returkvittering.

Ei returkvittering skal ha ordet «Returkvittering» ståande øvst. Dei same krava som gjeld for vanlege kvitteringar, gjeld også for returkvitteringar.AI

Se ogsåKassasystemforskrifta § 2-8-4Kassasystemforskrifta § 2-8

Kopikvittering, STEB-kvittering, foreløpig kvittering og treningskvittering

Dersom kassasystemet har funksjonar til å skrive ut kopikvittering, STEB-kvittering, foreløpig kvittering eller treningskvittering skal desse vere tydeleg merka respektive «KOPI», «STEB-kvittering», «Foreløpig kvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP» og «Treningskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Treningskvitteringar skal daterast og nummererast fortløpande i eigen nummerserie.

Visse typer kvitteringer, som kopier og treningskvitteringer, må ha tydelig merking. Teksten som markerer hva slags kvittering det er, skal ha en font som er minst 50 % større enn beløpet. Treningskvitteringer skal ha egen nummerering og dato.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

Utleveringskvittering

Dersom kassasystemet blir nytta til å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal det skrivast ut ei kvittering som viser kva slags varer og tenester som er levert. Kvitteringa skal tydeleg merkast «Utleveringskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Utleveringskvitteringar skal daterast og nummererast fortløpande i eigen nummerserie.

Ved kredittsal som faktureres senere, skal det utstedes en utleveringskvittering som viser leverte varer og tjenester. Denne skal ha en tydelig merking som viser at det ikke er en kjøpskvittering, og den skal ha dato og løpende nummer.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

referert av 1

Kvittering frå betalingsterminal

Kvittering frå betalingsterminal som ikkje er integrert med kassasystemet skal tydeleg merkast «IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp.

Betalingsterminaler som ikke er koblet til kassasystemet, må ha en tydelig tekst på kvitteringen som sier at den ikke er en kvittering for kjøp. Denne teksten skal være minst 50 % større enn teksten som viser beløpet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901.

Kapittel 3. Produktfråsegn og utbetring av manglar mv .

Produktfråsegn

(1) Produktfråsegn som nemnt i kassasystemlova § 5 skal leverast elektronisk. (2) Det skal ikkje leverast meir enn ei produktfråsegn for same versjon av kassasystemet. Dersom ein utanlandsk produsent ikkje sjølv leverer produktfråsegn, skal alle importørar av kassasystemet levere kvar si produktfråsegn med unik versjonsidentifikasjon.

En produktfråsegn for kassasystemet skal leveres elektronisk. Det skal bare sendes én slik erklæring per versjon, men hvis en utenlandsk produsent ikke gjør det, må hver importør levere sin egen med unik identifikasjon.AI

Endret 3. februar 2026 · i kraft 3. februar 2026
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 4 juli 2018 nr. 1128, 3 feb 2026 nr. 129.

Se ogsåKassasystemlova § 5

Tilbaketrekkjing av kassasystemet frå marknaden mv

(1) Dersom leverandøren trekkjer kassasystemet frå marknaden eller skattekontoret gjev leverandøren pålegg om å trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6, må leverandøren utan ugrunna opphald melde frå om det til sine kundar. (2) Eit pålegg frå skattekontoret om å utbetre manglar eller trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6 andre ledd, skal innehalde ein frist for å gjennomføre pålegget.

Leverandører må informere kundene sine dersom et kassasystem trekkes fra markedet, enten frivillig eller etter pålegg fra skattekontoret. Et pålegg om utbedring av feil eller tilbaketrekking skal inneholde en frist.AI

Se ogsåKassasystemlova § 6

Kapittel 4. Iverksetjing

Iverksetjing

Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.

Denne forskriften trådte i kraft 1. januar 2017.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Kva lov utfyller denne forskrifta?

Denne forskrifta utdjupar og gjennomfører reglane som står i kassasystemlova.

Åpne § 1-1
Hva menes med tilpassing av kassasystem?

Bestemmelsen forklarer hva som menes med tilpassing av kassasystem. Det gjelder endringer som påvirker hvordan systemet er bygget opp eller hvilke funksjoner det har.

Åpne § 1-3
Hva skal en systembeskrivelse for et kassasystem inneholde?

Det skal finnes en beskrivelse av hvordan kassasystemet fungerer og hvordan det kan kontrolleres. Hvis systemet lagrer bokført informasjon, må det forklares hvordan man kan etterprøve postene. Ved endringer i systemet må beskrivelsen oppdateres.

Åpne § 2-1
Må alle kassasystemer ha en integrert kasseskuff?

Det er et krav om at det skal være en integrert kasseskuff ved hvert kassapunkt. Det finnes unntak dersom systemet registrerer kontantsalg per operatør uten faste utskriftspunkter, eller hvis det ikke er mulig å betale med kontanter.

Åpne § 2-2
Må det være en skriver ved hvert kassapunkt?

Hvert kassapunkt skal ha en skriver som kan skrive ut nødvendig dokumentasjon. Systemet må også ha en funksjon for å kunne overføre informasjon fra den elektroniske journalen til et eksternt lagringsmedium.

Åpne § 2-3
Kva språk kan programvara i eit kassasystem ha?

Dokumentasjon, programvare og manualar for kassasystemet skal vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Dette gjeld også tekst på kvitteringar, rapportar og registrering av bruk.

Åpne § 2-4
Må kassen kunne registrere vekselkasse?

Et kassasystem må kunne håndtere vekselkasse og ulike betalingsmåter, samt ha en klokke stilt til norsk tid. Systemet skal skille tydelig mellom pluss- og minusbeløp, og kunne skille bruk mellom ulike virksomheter.

Åpne § 2-5
Kan man slette eller endre opplysninger i den elektroniske journalen?

Alle hendelser i et kassasystem skal lagres i en elektronisk journal som er beskyttet mot endring og sletting. Journalen skal logge alt fra salg og prisendringer til når kassaskuffen åpnes og hvem som utfører handlingene.

Åpne § 2-7

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2026

  2. 2019

  3. 2018

  4. 2016