Hopp til innhold
Forskriftsendring
Finansdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om krav til kassasystem

LTI/forskrift/2018-09-21-1349·Kunngjort 21. september 2018·Journalnr. 2018-0847

I kraft fra: 2018-09-21

I

I forskrift 18. desember 2015 nr. 1616 om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-2 bokstav r skal lyde:

STEB-kvittering : kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner,

§ 1-2 ny bokstav s skal lyde

Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.

§ 2-6 fjerde ledd skal lyde:

Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet fullfører salet og skriv ut ei salskvittering. Kravet til at kassasystemet skal generere utskrift automatisk gjeld ikkje dersom det i samband med salet nyttast ei betalingsløysing som er integrert i kassasystemet. For drivstoff-, parkerings- og billettautomatar, samt andre ubetjente automatar som har funksjon til å skrive salskvittering, kan systemet ha ein funksjon som gjer det frivillig for kunden å ta ut salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering. Dette er ikkje til hinder for at taxfree-butikkar i lufthavner har system som kan skrive ut fleire STEB-kvitteringar.

§ 2-8-4 Salskvittering skal lyde:

Ei salskvittering skal minst innehalde opplysningar som nemnt i forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring § 5-3-2a samt opplysningar om type betalingsmiddel og ID-nummeret til kassapunktet. Ordet «Salskvittering» skal visast øvst på kvitteringa. Dersom salskvitteringa er framstilt i elektronisk form skal orda «Elektronisk salskvittering» visast. Dersom betalingsløysinga er integrert med kassasystemet, skal salskvitteringa også innehalde transaksjons-ID.

II

Endringane under I trer i kraft straks.